Hopp til innhold

Vil du møte NRKs korrespondentar?

I starten av juni kjem NRKs korrespondentar til Oslo. Her kan du sende inn spørsmål, og reservere ein gratis publikumsplass.

NRK-korrespondenter Yama Wolasmal, Zofia Paszkiewicz og Fredrik Tombra

MØT KORRESPONDENTANE: Urix inviterer til eit direktesendt TV-program der du kan møte NRK sine korrespondentar. Blant dei er Yama Wolasmal (v), Zofia Paszkiewicz (m) og Fredrik Tombra (h).

Foto: NRK

Dei er våre auge i verda, og rapporterer døgnet rundt frå 11 forskjellige land. Oppsøker du nokre som helst av NRK sine plattformer, har du sannsynlegvis høyrt eller sett dei.

Onsdag 4. juni kjem dei alle saman til Deichman Bjørvika i Oslo, og med det kjem ei sjeldan moglegheit.

Sendinga skal nemleg spelast inn med publikum klokka 18.00, og går på TV 21.15 same kveld. Ønsker du å vere tilskodar, kan du registrere deg her.

Alle desse tolv vil vere på plass:

  • Tove Bjørgaas i grå dressjakke foran det amerikanske flagget
    NRK

    Tove Bjørgaas

    • USA-korrespondent
    • Base i Washington D.C.
  • en mann i dress og slips foran det amerikanske flagget
    NRK

    Anders Tvegård

    • USA-korrespondent
    • Base i Washington D.C.
  • en person som står ved siden av et tre

    Åse Marit Befring

    • Midtøsten-korrespondent
    • Base i Istanbul, Tyrkia
  • Yama Wolasmal, Sharren Haskel poserer for et bilde
    Marius Revold / NRK

    Yama Wolasmal

    • Midtøsten-korrespondent
    • Base i Beirut, Libanon
  • en blond mann ikledd pressevest sitter i en bil
    Vegard Tjørhom / NRK

    Vegard Tjørhom

    • Afrika-korrespondent
    • Base i Nairobi, Kenya
  • Mann i hvit t-skjorte snakker i en mikrofon foran hauger med bygningsrester
    NRK

    Fredrik Tombra

    • Ukraina-korrespondent
    • Base i Kyiv
  • Jan Espen Kruse
    Jurij Linkevitsj / NRK

    Jan Espen Kruse

    • Russland-korrespondent
    • Base i Moskva
  • en blond kvinne som smiler til kameraet
    NRK

    Gry Blekastad Almås

    • Storbritannia-korrespondent
    • Base i London, England
  • Zofia Paszkiewicz, Berlin internasjonale filmfestival 2024, berlinale
    Gregor Theus

    Zofia Paszkiewicz

    • Europa-korrespondent
    • Base i Berlin, Tyskland
  • en mann med blå skjorte og svart jakke som smiler til kameraet
    William Jobling / NRK

    Anders Børringbo

    • Europa-korrespondent
    • Base i Brussel, Belgia
  • Korrespondent Joakim Reigstad på Grønland
    NRK

    Joakim Reigstad

    • Norden-korrespondent
    • Base i Stockholm, Sverige
  • NRK-korrespondent Philip Lote står med mikrofon ved siden av en elv
    NRK

    Philip Lote

    • Asia-korrespondent
    • Base i Beijing, Kina

Er det noko du lurar på om livet som korrespondent? For eksempel:

  • Korleis er det å vere journalist i ei krigssone?
  • Kva gjorde du då eit oppdrag ikkje gjekk etter planen?
  • Kva er det villaste du nokosinne har gjort for jobben?

Skriv inn det du lurar på i skjemaet under.

Du kan gjerne også stille spørsmålet i ein selfie-video. Blir det brukt i sendinga, kontaktar vi deg.

NRKs korrespondenter rundt Urix-logoen, med studio i bakgrunnen

Korrespondentmøtet 2025 går av stabelen onsdag 4. juni klokka 18.

Grafikk: Ronja Elise Mæhre Borgersen / NRK

SISTE NYTT

Siste meldinger