Hopp til innhold

USA forbyr vodka, sjømat og diamantar frå Russland

USA degraderer Russland som handelspartnar. Dei forbyr import av ei rekkje russiske luksusvarer. Økonom Olav Chen meiner det har lite betydning for den russiske økonomien.

U.S. President Joe Biden announces actions against Russia for its war in Ukraine, at the White House in Washington

USAs president Joe Biden vil leggja eit større press på president Putin.

Foto: EVELYN HOCKSTEIN / Reuters

President Joe Biden kom med nye økonomiske sanksjonar mot Russland i ein pressekonferanse fredag.

Biden sa i dag USA saman med allierte fjernar Russlands status som føretrekt handelspartnar.

– Det vil gjera det vanskelegare for Russland å driva handel med USA, sa presidenten.

Statusen som «føretrekt handelspartnar» er i USA ei lovleg nemning for fri handel med ein utanlandsk nasjon.

Å oppheva Russlands status som føretrekt handelspartnar opnar for innføring av toll på varer som blir importerte frå Russland.

Vil leggja press på Putin

Ved å leggja toll på russiske varer kan landa auka det økonomiske presset på Russland, som allereie er råka av omfattande sanksjonar.

USA vil blant anna no forby import av diamantar, sjømat og vodka frå Russland.

Vladimir Putin

Joe Biden vil leggja eit større press på Russlands president Vladimir Putin.

Foto: Skjermbilde

– Dette er dei nye stega vi tek, men det blir ikkje dei siste stega vi tek for å legge press på president Putin. Målet er å knusa den russiske økonomien, seier Biden.

Presidenten i EU, Ursula von der Leyen seier at EU vil forby russisk import av nøkkelvarer i jern- og stålsektoren, skriv nyheitsbyrået Reuters.

EU vil også forby eksport av alle union-landa sine luksusvarer til Russland.

President i Europakommisjonen Ursula von der Leyen.

Presidenten i Europakommisjonen, Ursula von der Leyen.

Foto: Olivier Hoslet / AP

På same tid vil Von der Leyen foreslå eit forbod mot nye europeiske investeringar i energisektoren til Russland.

G7-landa sa fredag at dei vil nekta Russland såkalla «favorisert nasjon»-status. Det vil oppheva fordelane ved Russlands medlemskap av Verdas handelsorganisasjon (WTO).

– Russland er sjølvforsynte

Økonom Olav Chen, seier dei nye sanksjonane ikkje har mykje å seia i det store biletet, men at det vil ramma eksporten frå Russland til utlandet.

– Å forby import av luksusvarer hjelper lite. Det er olje og gasseksporten som er viktigast for Russland, men samstundes er det Europa som er den største kjøparen. Dei har ikkje følgt same spor som USA og er avhengige av den russiske olja og gassen, seier han.

Det er først når Europa forbyr dette at Putin kjem til å kjenna det på lommeboka, hevdar økonomen. Det trur ikkje Chen kjem til å skje med det første.

Olav Chen leder for allokering og globale renter i Storebrand

Olav Chen, økonom i Storebrand.

Foto: Lise Eide Risanger / Storebrand

– Det er klart at sanksjonane gjer Russland meir isolerte økonomisk, men Russland er sjølvforsynte som økonomisk nasjon. Dei har alle dei naudsynte varene som dekkjer primærbehova og kjem ikkje til å svolta eller frysa med det første, seier han.

Chen seier at noko av det interessante vidare er korleis Kina kjem til å halda seg til Russland.

– Vil dei samarbeida med Russland, vil dei frå sanksjonar frå vesten, så dei står i ein økonomisk konflikt no, seier han.

Framleis uaktuelt med flyforbod

Joe Biden sa vidare at dei vil sørgja for at Ukraina har våpen slik at dei kan kjempa mot den russiske hæren. Biden lova også pengar, mat og hjelp for å redda det ukrainske folket.

– USA skal ynskja ukrainske flyktningar velkomne med opne armar, sa han.

– USA skal ikkje kjempa mot russiske soldatar i Ukraina, understreka den amerikanske presidenten.

– Ein direkte konfrontasjon mellom Nato og Russland er tredje verdskrig. Det må vi forhindra.

Stoltenberg talar i den polske parlamentet.

Natos generalsekretær understreka at Nato har eit ansvar for å hindra at krigen i Ukraina ikkje spreier seg utover landets grenser.

Til NRK tidlegare i dag gjentok han også at det er uaktuelt å innføra eit flyforbod over Ukraina, slik som Ukrainas president Zelenskyj har bede om.

– Vi har eit ansvar for å hindra at denne konflikten blir trappa opp utanfor grensene til Ukraina og blir til ein fullskala krig mellom Russland og Nato, seier Stoltenberg fredag.

Jens Stoltenberg

Jens Stoltenberg har fleire gonger sagt at det er uaktuelt med flyforbod i Ukraina.

Skal eit flyforbod handhevast, vil det innebæra at Nato må skyta ned russiske flu som eventuelt bryt flyforbodet, og dette vil ifølgje Stoltenberg føra til full krig mellom Nato og Russland.

Han seier at det også vil innebæra at Nato vil måtta gå til angrep på russiske luftforsvarssystem i Kviterussland og Russland.

SISTE NYTT

Siste meldinger