Hopp til innhold

UNICEF: Borna i Gaza treng krisehjelp

Bomberegnet over Gaza går hardt utover dei minste. 165.000 palestinske born er no så traumatiserte at dei treng umiddelbar krisehjelp, ifølgje UNICEF.

Vaksne som gret, blodige lik, rakettdrønn og svolt set sitt preg på ungane som trør sine barnesko på den konfliktherja Gazastripa.

Så mange som 165.000 palestinske born treng no umiddelbar psykososial støtte, ifølgje UNICEF, FN sin hjelpeorganisasjon for born.

– Borna er svært traumatiserte etter snart tre veker med bombing døgnet rundt. Mange av dei blir veldig stille, sluttar å snakka, har mareritt og blir heilt krakilske og livredde av lydar, fortel kommunikasjonsrådgjevar i UNICEF Noreg, Helene Sandbu Ryeng.

Nye traume vekkjer gamle til liv

Bilete frå kjerneområdet i Midtausten-konflikten viser spinkle, skitne barnekroppar med tårevåte auge og fillete klede. Dei klamrar seg til vaksne eller stikk hovuda ut frå gøymeplassane sine med tomme, forvirra og redde blikk.

Raude halvmåne har i løpet av dei to siste dagane behandla 200 born med psykososiale skadar på FN-skular i området. UNICEF har mobile helseteam som reiser rundt på Gaza for å hjelpa traumatiserte born og gje rettleiing til foreldra.

Situasjonen er ekstra ille fordi mange av borna ikkje berre er traumatiserte, men retraumatiserte. Vonde minne frå dei israelske militæroperasjonane i Gaza i 2008–2009 og i 2012 blir brått vekte til liv att.

– 218 born døde

Barneavdelingen på bombet sykehus i Gaza

Minst 18 sjukehus, klinikkar og medisinske senter i Gaza er råka av rakettar. Her frå barneavdelinga på eit bomba sjukehus i Beit Hanoun, nord på Gazastripa søndag.

Foto: Lefteris Pitarakis / Ap

Det er no gått med 19 dagar og 218 palestinske barneliv sidan Israel lanserte sin militæroffensiv mot Hamas, syner nye tal frå UNICEF, FN sin hjelpeorganisasjon for born.

– Talet vil truleg stiga utover dagen. Mange familiar brukte våpenkvila i går til å leita etter sakna familiemedlemmer og fann dei døde i ruinane, seier kommunikasjonsrådgjevar Ryeng.

Mats Gilbert i Gaza

Den norske legen Mats Gilbert er på jobb i Gaza.

Lege og Palestina-aktivist Mats Gilbert jobbar på Shifa-sjukehuset – det største på Gazastripa.

– Kvinner og born utgjer halvparten av dei pasientane me får inn her, seier han.

Å yta hjelp i Gaza skjer med livet som innsats.

Fleire sjukepleiarar og legar er drepne av rakettane. Minst 18 sjukehus, klinikkar og medisinske senter er råka av bomber og er delvis eller heilt øydelagde, ifølgje UNICEF.

Raudekrossen fordømmer to åtak som tidlegare denne veka råka eit sjukehus i Gaza og som drap ambulansepersonell frå systerorganisasjonen Raude halvmåne.

– Me har kapasitet til å hjelpa alle. Utfordringa er tilgang frå begge sider i konflikten. Både Israel og Hamas har brote internasjonal humanitær rett, seier Ola Ulmo, regional rådgjevar for norske Raudekrossen sitt Midtausten-kontor i Beirut.

Laster Twitter-innhold

Fryktar kolerautbrot

Under den korte våpenkvila laurdag, fekk hjelpeorganisasjonar som UNICEF, WFP og UNRWA inn 110 trailerar med blant anna mat, medisinar og hygieneutstyr.

Trass i nye forsyningar er situasjonen så prekær at det er vanskeleg å få dekt grunnleggande behov.

– Dei humanitære behova er store og den menneskelege tragedien vanskeleg å fatta, seier Ulmo i Raudekrossen, som var på grensa mellom Israel og Gaza tidlegare denne veka.

1.2 av dei totalt 1.8 millionar innbyggjarane har ikkje lenger sikker tilgang til reint vatn. Halve kloakksystemet er øydelagt og renn ut i drikkevasskjelder.

– Det er ei potensiell sjukdomskjelde og eit kjempeproblem. Me ønskjer ikkje eit E.coli eller kolerautbrot på toppen av dette, uttalar Ryeng i UNICEF.

Også drivstoff er mangelvare, særleg til drift av generatorar og vasspumper på sjukehusa.

– Dette er ein humanitær katastrofesituasjon som ikkje toler veldig mykje meir, seier legen Mats Gilbert.