Den amerikanske presidenten Donald Trump annonserte tysdag morgon våpenkvile mellom Israel og Iran.
Men berre nokre timar seinare sa han at begge partane hadde brote avtalen.
Samstundes seier den iranske presidenten, Masoud Pezeshkian, at han vil respektera våpenkvila dersom Israel gjer det, ifølgje AFP.
Israelske medium melder tysdag formiddag at Trump og Israels statsminister Benjamin Netanyahu har snakka saman over telefon.
Etter samtalen sa Trump at Israel ikkje kjem til å angripe Iran og at israelske fly vil returnere.
– Alle fly kjem til å snu og dra heim, mens dei gjennomfører ein «vennleg vinking med flyvingane» til Iran. Ingen kjem til å bli skadd, skriv Trump i eit innlegg på Truth Social.
Også Benjamin Netanyahus kontor seier at Israel ikkje vil utføra nye angrep mot Iran.
Den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu.
Foto: Michael Sohn / AP / NTB– Etter president Trumps samtale med statsminister Netanyahu, avstår Israel frå ytterlegare angrep.
Samtidig melder Axios at dei har opplysningar om at Netanyahu sa til Trump at dei ikkje kunne avblåse angrepa, og at ein viss reaksjon mot Irans brot på våpenkvila var nødvendig.
Iranske medium melder samtidig om to nye eksplosjonar i Irans hovudstad Teheran.
Irans nyheitsbyrå Mizan og avisa Shargh skriv også at den nordlege byen Babolsar blir angripen av Israel.
Det er enno uklart kva statusen på våpenkvila er, og situasjonen endrar seg minutt for minutt.
Trump: Ikkje slepp dei bombene
– Israel og Iran har kjempa så lenge og så hardt at dei ikkje veit kva i helvete dei driv med.
Det sa Trump under ein pressekonferanse utanfor Det kvite hus før ombordstiging i Marine One, som skal ta han til Nato-toppmøtet i Haag.
Trump sa vidare at han ikkje er fornøgd med verken Israel eller Iran.
Han hevda at Israel angreip Iran rett etter dei hadde blitt einige om ein våpenkvileavtale.
– Israel. Ikkje slepp dei bombene. Om de gjer det, er det eit enormt brot, skriv Trump på Truth Social, etter pressekonferansen.
Donald Trump ber Israel om å ikkje slipp bombene.
Foto: NRKAnnonserte våpenkvile
Tysdag morgon gratulerte Trump alle partar for å ha kome fram til full semje om våpenkvile i krigen mellom Iran og Israel:
– VÅPENKVILA HAR NO TRETT I KRAFT, skreiv Donald Trump på Truth Social.
Men klokka 09.30 sa Det israelske militæret (IDF) at Iran hadde sendt rakettar mot Israel. Flyalarmen gjekk nord i Israel etter meldinga.
Trump hevdar at både Iran og Israel har brote våpenkvila.
Forsvarssjefen Eyal Zamir sa at Israel vil «svare kraftig på at Iran har brote våpenkvila».
Samstundes meldte det iranske militæret at dei ikkje har sendt rakettar mot Israel dei siste timane, og då heller ikkje brote den føreslåtte våpenkvila. Iran har ikkje offisielt sagt at dei godtek våpenkvila.
Ifølge kunngjeringa til Trump skulle våpenkvila ha starta klokka 06.00 tysdag morgon, norsk tid. Ein talsperson for the iranske militæret hevda at Israel skaut mot Iran i ein og ein halv time etter at våpenkvila skulle ha tredd i kraft.
Midtaustenkorrespondent Åse Marit Befring kallar angrepa for «krampetrekning» før den påståtte våpenkvila trer i kraft.
Dette blir sagt om våpenkvila
Kjelder i Det kvite hus sa at Trump fekk i stand ei våpenkvile mellom Israel og Iran måndag.
Dette skal ha skjedd etter ein telefonsamtale med statsminister i Israel Benjamin Netanyahu og kontakt mellom Trumps team og iranske styresmakter, melder nyhendebyrået Reuters.
Tysdag morgon stadfesta statsminister Netanyahu at Israel gikk med på Trump sitt forslag.
Donald Trump hevdar no at våpenkvila mellom Iran og Israel er i gang.
Foto: AFPSamstundes har USAs visepresident JD Vance, utanriksminister Marco Rubio og spesialutsending Steve Witkoff hatt kontakt med Iran. Natt til tysdag sa Det kvite hus at Iran har gitt signal om at dei vil følge avtalane.
Men frå iransk side kom det motstridande informasjon.
Ein høgtståande iransk tenesteperson stadfesta til Reuters at Iran har gått med på USA sitt våpenkvileforslag, med Qatar som meklar.
Men utanriksministeren i Iran, Seyed Abbas Araghchi, meldte klokka 04.15 natt til tysdag at dei ikkje gått med på noko avtale.
Irans utanriksminister Seyed Abbas Araghchi seier natt til tysdag at dei ikkje har gått med på noko avtale om våpenkvile.
Foto: Alexander Kazakov / AP / NTBLikevel skriv han at dei vil stanse bombinga, om Israel gjere det same.
Våpenhvilens tidslinje
Natt til tirsdag 24. juni kunngjorde USAs president Donald Trump en kommende våpenhvile mellom Iran og Israel. Ifølge ham skal krigen endelig ta slutt etter tolv dager. Etter kunngjøringen kommer det inn mange motstridende meldinger.
Kjensleladd
Ifølgje Trump skal avtalen gå ut på at Iran først skal innleie ei tolv timar lang våpenkvile. Når desse timane er over, vil Israel starte den tilsvarande våpenkvila si.
– Etter 24 timar vil verda hylle den offisielle slutten på «tolvdagarskrigen», skriv den amerikanske presidenten, skriv Trump.
Vidare oppmoda han begge partar til å vere fredslege og vise respekt under våpenkvila.
Etter utspela til Trump er situasjonen uoppklart, meiner Sigbjørn Halsne oberstløytnant ved Forsvarets høgskole.
Oberstløytnant ved Forsvarets høgskole, Sigbjørn Halsne.
Foto: Eskil Wie Furunes / NRK– Vi ser at våpenkvila ikkje har skjedd. Iran skaut missil mot Israel etter klokka 06, og iranske medium har rapportert med at våpenkvila skulle tre i kraft klokka 02 norsk tid. Her er det ulike tidspunkt og ulike strukturar – dette har gått fort.
Halsne er spent på å sjå om begge partar vil halde seg til sin del av avtalen tysdag.