Hopp til innhold

Støtta til Ukraina bryt saman: – Ein eksistensiell trugsel for heile Europa

Krigen i Ukraina har rasa i meir enn 650 dagar. No ser Ukraina-støtta frå Vesten ut til å bryta saman.

zelenskyj og biden. biden snakkar inn i øyret til zelenskyj og smiler.

President Biden har vore Zelenskij og Ukraina sin viktigaste støttespelar. No blir han motarbeida av det republikanske partiet.

Foto: Evan Vucci / AP

Totalt har USA bidrege med meir enn 800 milliardar kroner til den ukrainske krigsinnsatsen. No kan det bli slutt på den livsviktige pengestraumen.

I juni synte ei undersøking at nær halvparten av republikanarane i den amerikanske befolkninga meinte det var på tide å kutta i hjelpa.

Ifylgje ein ny rapport frå Kiel-instituttet har ikkje verdien på lovnader om hjelp frå støttespelarar vore lågare sidan på nyåret 2022.

Instituttet understrekar at dette kan endra seg dersom ein snart får godkjent store hjelpepakker. Forslaget til ei slik pakke frå USA, med hjelp til både Ukraina og Israel, blei nyleg stoppa i Senatet.

President Biden er klar på at pengar til Ukraina ikkje kan venta.

Han meiner Putin ikkje vil gje seg med siger i Ukraina, men at han kan gå så langt som å angripa eit Nato-land.

I ein kronikk publisert i DN og Stratagem tidlegare i haust skreiv Anders Romarheim, førsteamanuensis ved Forsvarets høgskole, at den sviktande støtta frå USA utgjer ein eksistensiell trugsel for Ukraina.

– Det høyrest ekstremt ut, men eg meiner det heller er for moderat enn for ekstremt. Den aukande autokratiseringa av USA er ein eksistensiell trugsel for heile Europa, ikkje berre Ukraina, seier Romarheim til NRK.

Anders romarheim

– Dersom USA, den sterkaste guten i klassen, trekk seg, vil det gje den russiske kampmoralen eit løft. Samstundes vil Ukraina føla at USA har forlate dei, seier førsteamanuensis Anders Romarheim.

Foto: Emma-Marie B. Whittaker / NRK

Polarisering og dyrtid

Det er fleire faktorar som gjer at krigsstøtta bryt saman, forklarar Romarheim:

  • Ei oppmjuking overfor det autoritære

Spesielt i USA, men også i europeiske land ser ein at demokratiske grunnverdiar er mindre viktige enn før.

Ein rapport frå Freedom House syner at demokrati verda over er på retur, medan autoritære aktørar er på frammarsj.

– Såleis opplevast det kanskje mindre viktig å stå opp mot autokratar som Putin.

  • Trump sin utanrikspolitikk

Trump var knallhard mot Kina og Iran, men mild mot Putin og Kreml. Det republikanske partiet er meir bekymra for Kina enn Russland.

Det meiner Romarheim var, og er, ei feilvurdering, og noko som var med å danna bakteppet for at Putin våga å gå inn i Ukraina.

– USA var så opptekne av Kina at Putin truleg ikkje trudde at USA ville stå last og brast med Ukraina, slik dei har gjort fram til i haust.

  • Ukraina som «Biden/Nato-prosjekt» og dyrtid

Republikanarane ser at krigen i Ukraina kostar. Budsjettdisiplin og offentleg pengebruk er blitt ein del av ordskiftet kring Ukraina på ein måte det ikkje er når ein snakkar om Israel.

– Både Israel-spørsmålet og den amerikanske økonomien er høgare på prioriteringslista i det republikanske partiet.

I tillegg ser mange republikanarar på USA sin Ukraina-støtte som eit Biden/Nato-prosjekt.

– Trump og høgresida i det republikanske partiet er mot nær alt som har med Biden å gjera, og er i beste fall likegyldige til Nato. Enkelte er uttalte motstandarar.

President Vladimir Putin og president Donald Trump håndhilser G-20 møte 2019

At Donald Trump ville pleia meir kontakt med Putin og Kreml, meiner Romarheim er med på å danna bakteppet for invasjonen av Ukraina.

Foto: Susan Walsh / AP

Europa kan måtte klara seg sjølv

Om Trump skulle bli valt til president i 2024, meiner Romarheim Europa vil måtte klara seg sjølv. Han kallar det ei «eksistensiell krise».

– Europa har i fleire hundreår synt seg dårleg skikka til å sikra vedvarande fred på kontinentet, og til å halda trugslar under kontroll.

Om USA endar opp med å «gje opp» Ukraina, meiner Romarheim det er umogleg å føresjå kva det vil kunne bety for europeisk og global tryggleik.

Men han meiner det heilt klart vil gje Putin økt definisjonsmakt over den europeiske tryggingsordenen, og ha sterk signaleffekt.

– Om Kina ser at Vesten prøver hardt, men ikkje lukkast med å stå imot nokon som brukar militærmakt for å ta eit naboland, så vil dei trengja roande tablettar på Taiwan, for å seia det slik.

Kutt i støtta frå USA vil vera den beste nyheita Putin kan få, meiner Romarheim.

Biden snakkar om støttepakke til Ukraina, 6. desember 2023

I delar av det republikanske partiet blir støtte til Ukraina sett på som eit Biden-prosjekt. Presidenten er klar på at pengar til Ukraina «ikkje kan venta».

Foto: KEVIN LAMARQUE / Reuters

Meir sannsynleg med åtak mot Nato-land

Som nemnt fryktar Biden at Putin ikkje vil gje seg med siger i Ukraina, men at han vil kunne finna på å angripa eit Nato-land.

– Det er klart meir sannsynleg enn før. Det var lenge heilt usannsynleg, seier Romarheim.

Nato er gullstandarden for forsvarsalliansar. Nato har aldri gjeve opp territorium til eksterne trugslar.

– Eg er einig med dei som seier Russland i lang tid vil vera redusert som fylgje av dei blodige såra dei har pådrege seg i Ukraina, uansett utfall, seier Romarheim og held fram:

– Men om Russland skulle vinna krigen vil det vera veldig illevarslande for land som Moldova, til dømes, der Transnistria kan koma i spel.

Fleire etterretningsleiarar har åtvara mot eit slikt scenario, og konsekvensane det vil ha for internasjonal tryggleik og den nasjonale tryggleiken i USA.

– Men det monnar ikkje i debattane og valkampretorikken som pregar det republikanske primærvalet. Det er ulikt desibelnivå på desse flankane i debatten, seier Romarheim.

SISTE NYTT

Siste nytt