Onsdag morgon hadde skuleelevar samla seg til messe i den katolske skulekyrkje ved Annunciation Catholic School i Minneapolis i delstaten Minnesota.
Så blei fleire skot fyrte av gjennom glåsmaleria i kyrkja.
To born blei drepne. Dei blei åtte og ti år, ifølgje ordføraren i Minneapolis.
Politiet har sperra av området i samband med skyteepisoden.
Foto: Tim Evans / Reuters / NTB17 menneske er såra. 14 av dei er born. Dei tre andre er i 80-åra. Fleire får behandling på sjukehus, men alle er venta å overleve ifølgje politisjef Brian O’Hara i Minneapolis.
Motivet for skytinga er framleis ukjent, men FBI etterforskar ho som terror og hatkriminalitet mot katolikkar.
Skuleskytinga skjedde på den katolske skulen Annunciation Church.
Foto: STEPHEN MATUREN / AFP / NTBTok sitt eige liv
Den mistenkte gjerningspersonen er identifisert til å vere 23 år gamle Robin Westman. Etter skytinga, tok ho sitt eige liv bak kyrkja.
Ei årbok frå 2017 viser at gjerningspersonen er tidlegare elev ved Annunciation Catholic School, ifølge den lokale avisa Minneapolis Star Tribune.
Tre våpen skal vere involvert i skytinga: ei rifle, ein pistol og ei hagle. Politisjef O’Hara seier at alle våpena truleg blei brukte.
Inspirert av norsk terrorist
Westman hadde ingen valdshistorikk, men publiserte ein video som viste fleire våpen og ammunisjon. Der viste ho også fram eit handskrive manifest og sjølvmordsbrev i detalj.
I videoen kjem det fram at ho har late seg inspirere av gjerningspersonen bak tidlegare masseskytingar, også ein norsk.
På fleire av våpena skal det ha vore skrive namn, mellom anna «Breivik» med eit hjarte over. 22. juli-terroristen stod bak terrorangrepa i Oslo og på Utøya 22. juli 2011, der 77 menneske mista livet.
Den antekne gjerningspersonen delte ein video på internett som blant anna viste namnet til Breivik og Brenton på fleire våpen.
Foto: fra gjerningspersonens YouTube-video / Reuters / NTBDet blir også vist til terrorangrepet i Christchurch på New Zealand i 2019, der 51 menneske blei drepne.
Gjerningspersonen hadde også skrive «drep Donald Trump» på eitt av våpena.
Videoen blei seinare fjerna av politiet.
I sjølvmordsbrever skreiv ho mykje om den mentale helsa hennar.
– Eg har det ikkje bra. Eg er ikkje riktig. Eg er ein trist person, heimsøkt av desse tankane for ikkje forsvinn.
Ho beklaga til begge foreldra for at ho ikkje blei slik dei hadde ynskt. Ifølgje fleire innlegg i sosiale medium, jobba mor hennar på skulen der skytinga skjedde.
Ifølgje FBI var Westman fødd mann under namnet Robert. Rettsdokument viser at mora søkte om å endre namnet til Robin ettersom ho identifiserte seg som kvinne. Robin ville at namnet skulle representere dette. Det skriv Minneapolise Star Tribune.
– Forferdeleg valdshending
USAs president Donald Trump seier at han har blitt orientert om det han kallar ein tragisk skyteepisode.
– Det kvite hus held fram med å overvake situasjonen. La oss be for alle dei involverte, skriv han på Truth Social.
Folk frå heile Minneapolis by samla seg onsdag kveld for å minne dei drepne og sørge saman.
Foto: SCOTT OLSON / AFP / NTBFørstedame og kona til Donald Trump, Melania Trump, kjem med ein sjeldan uttale på X etter hendinga.
Ho om vaktsemd for truslar «heime, på skolane og på sosiale medium.»
– Å vere merksam på desse faresignala og handle raskt kan redde liv og gjere amerikanske lokalsamfunn tryggare.
Skulen husar om lag 240 born opp til åttande klasse. Første skuledag etter ferien var på måndag.
Borgarmeisteren i Minneapolis omtaler skytinga som ein «ubeskriveleg handling». Bilete frå staden viser at familie og pårørande klemmer, græt og omfamnar borna sine etter hendinga.
Mange var i sjokk etter hendinga. Her er skuleelevar samla på ei minnemarkering i Minneapolis.
Foto: SCOTT OLSON / AFP / NTB– Eg ber for barna og lærarane våre, som har fått si første veke på skolen øydelagt av denne forferdelege valdshendinga, skriv guvernør Tim Walz på X.
Pave Leo i sorg
Pave Leo XIV som sjølv er amerikansk sørger over dei drepne og skadde.
I ei utsegn frå Vatikanet sender paven sine kondolansar til «dei som er råka av denne forferdelege tragedien, særleg dei familiane som no sørger over å ha mista eit barn».
Pave Leo XIV uttrykker stor sorg etter skole- og kyrkjeskytinga.
Foto: Guglielmo Mangiapane / Reuters / NTBFleire skyteepisodar det siste døgnet
Hendinga er den siste av fleire skyteepisodar i Minneapolis det siste døgnet.
Tysdag ettermiddag blei éin person drepen og seks andre såra i ei skyting utanfor ein ungdomsskule, mens to personar døydde i to ulike skyteepisodar berre timar seinare.
Minneapolis ligg i delstaden Minnesota, nord i USA. Byen er heim til om lag 430.000 menneske.
– Eg er djupt påverka av denne hendinga og er lei meg på vegner av familiane som sørger, seier Minneapolis-ordførar Jacob Frey.
– Vonde handlingar som dette skal aldri skje. Men dei skjer altfor ofte, seier han.
Interessert i meir stoff frå utanriksredaksjonen? Høyr podkasten Urix her: