Av
Etter 29 års tungt militært nærvær i Libanon trekte dei siste syriske soldatane seg ut klokka 12 norsk tid i dag. Dette vart markert med ein storstilt seremoni i Rayaq, der dei militære toppsjefane både frå Syria og Libanon var med.
Dette skjer same dag som FNs generalsekretær Kofi Annan skal leggje fram rapporten om gjennomføringa av Tryggingsrådet sin resolusjon 1559.
Denne resolusjon krev full syrisk tilbaketrekking frå Libanon.
I går kveld reiste frykta sjefen for den syriske etterretninga i Libanon, general Rustom Ghazaleh, tilbake til Syria.
I går vart det også klart at toppsjefen for den libanesiske etterretninga, Jamil Sayyed, har gått av, etter sterke mistankar om at etterretninga hadde noko å gjere med bombeattentatet 14. februar der tidlegare statsminister Rafiq Hariri og over 20 andre vart drepne.