Det var på si eiga Facebook-side SD-politikaren kom med utsegna.
Provosert av demonstrasjonar
Etter å ha sett eit YouTube-innslag frå eit torgmøte med partifellene i Sverigedemokraterna, der det også var demonstrantar, og mellom desse også innvandrarar, rann det over for Enderleit.
«Ställ upp invandrarna här på filmen o sätt en kula mitt mellan ögonen, lägg dom sen i en påse o sätt frimärke o skicka dom dit där dom hör hemma», skreiv Enderleit på Facebook-sida si.
Kommentaren blei avslørt og publisert av lokalavisa
.I eit intervju med avisa forsvarar ho først utsegnene sine når ho blir spurt kva ho tenkte då ho kommenterte demonstrasjonane:
– Men når dei oppførte seg på det viset. Dei kasta ting. Ut med dei som ikkje oppfører seg, sa ho til avisa.
– Får ta det som dei vil
Sverigedemokratarne er på vippen etter riksdagsvalet i Sverige, og er rekna som valets vinnar. Men det har også skapt sterke reaksjonar.
og demonstrerte i går mot partiet som av svært mange blir kalt rasistisk.
I dag kom det også fram at en liste med over 5.700 navn på personer som har vist interesse for eller er medlemmer av partiet Sverigedemokraterna (SD) er
.På spørsmål om Facebook-kommentaren kan oppfattast som rasistisk, svara Enderleit:
– Det får dei ta som dei vil.
Og ho meiner at dette er ein vanleg måte for politikarar å uttrykkja seg:
– Nei… Jo! Det er visst det. Kanskje ikkje ei kule mellom augene, men visst er det det.
Parasittar og pest
Enderlei meiner Sverigedemokraterne blir behandla som parasittar og som om dei har pest. Ho har mista mange venner på Facebook etter at det blei kjent at ho var aktiv i SD. I samtalen med journalisten i lokalavisa erkjenner ho etter kvart at ho har gått for langt:
– Okei, eg tok kanskje hardt i med «kula midt mellom augene».
Sverigedemokraterna sin gruppeleiar Per Klarberg opplyser at han tar skarpt avstand frå kommentarane, og at Enderleit ringte han etter intervjuet med lokalavisa. Ho skal då ha angra på det ho sa.
Etterspel
Saka får etterspel i partiet, sier distriktsleiar Jens Leandersson i Sverigedemokraterne til Trelleborgs Allehanda.
Facebook-sida til Marie-Louise Enderleit er ikkje aktiv i dag.