Kursa er tilpassa både prestar og folk utan teologisk utdanning, blir det opplyst ved Regina Apostolorum-universitetet. Det blir oppstart i februar 2005.
Blant faga det vil bli undervist i er demonologi (læra om djevelen), djevelen slik han er omtala i heilage tekstar. Dei vil også kome inn på medisinsk behandling av menneske som verkar å vere styrte og forgjorde av djevelen.
Ein av lærararane på kurset, forfattar og journalist Carlo Climati, seier at seminaret vil bli avslutta ved at to eksorsistar fortel om sine erfaringar.
Han seier at ein viktig del av opplæringa vil bli å kunne slå fast skilnaden mellom ein sjuk person som treng medisinsk behandling, og ein som er styrt av djevelen.
Ein eksorsist si oppgåve er å drive dei vonde maktene ut av eit menneske.