Hopp til innhold

Rodney (83) låg i senga si då skogbrannen kom

Fleire enn 150.000 er framleis evakuerte frå det som no er fire store skogbrannar. Kimiko Nickerson klarte ikkje å få far sin til å flykte.

Natt til laurdag vart talet på døde etter brannane i California oppjustert til 11 personar, ifølgje rettsmedisinaren i Los Angeles.

Fem av dei er lokaliserte i brannen i Palisades og seks i Eaton-brannen rundt Altadena.

Styresmaktene fryktar talet vil stiga-

Det er vanskeleg å vite sikkert kor mange som har døydd i brannane, sidan det er umogleg å ta seg inn for å undersøke mange stader, seier styresmaktene.

Men ein av dei ti som har blitt funne, er 83 år gamle Rodney Nickerson. Han var heime i senga si då Eaton-brannen raste gjennom Altadena.

– Vi fann kroppen hans. Heile skjelettet var intakt, seier dottera Kimiko til lokale KCAL News.

Kimiko Nickerson

Kimiko Nickerson fortel at ho og broren vaks opp i huset bak henne, som faren ein gong kjøpte for berre fem dollar.

Foto: Sky News

Nickerson kjøpte huset i Altadena for berre fem dollar i 1968, fortel dottera. Ho, bror og son hennar har alle vakse opp i det same huset.

– Sonen min prøvde å få han til å reise vekk, og naboane, og eg, men han sa: «Det kjem til å gå fint med meg. Eg er her når de kjem tilbake.»

– Det var det siste han sa til meg: «eg kjem til å vere her i morgon».

Auditoriet i Eliot Arts Magnet Academy har blitt totaløydelagd i ein av skogbrannane.

Auditoriet i Eliot Arts Magnet Academy har blitt fullstendig øydelagd i Eaton-brannen.

Foto: JUSTIN SULLIVAN / AFP

Varslar mindre vind seinare fredag

Los Angeles brannvesen seier dei har byrja å få kontroll på delar skogbrannane etter fire dagar med stor spreiing.

Det har blitt fleire skogbrannar i delstaten California som følge av klimaendringane, men denne blei særleg forsterka av sterke vindar og tørt terreng.

Området som har brent, er fredag kveld på storleik med Miami, og 6 kilometer mindre enn Oslo by.

Det er varsla at vinden endeleg vil minke seint fredag kveld, og ein av dei store brannane, Kenneth, er no under kontroll.

De fem største pågående brannene i Los Angeles.

Dei fem største brannane i Los Angeles søndag kveld. Brannvesenet har no kontroll på Kenneth-brannen

Grafikk: Tom Balgaard / NRK

Dei to største, Palisades og Eaton, er framleis høvesvis 92 og 97 prosent ute av kontroll.

Politiet har fredag innført eit portforbod i områda som er råka av Palisades- og Eaton-brannane, frå klokka 18 i kveld lokal tid til klokka 6 i morgon tidleg.

– Du kan ikkje vere i desse råka områda. Dersom du er det, kan du bli arrestert, seier fylkespolitisjef Robert Luna.

Årsaka er å verne om private eigedommar og hindre plyndring i dei evakuerte områda.

Portforbodet har tredd i kraft ved Pacific Palisades

Like før 12 lokal tid, var vegen heilt stengd av sør for Pacific Palisades. Her møtte NRK Richard Malatt.

Foto: Anders Tvegård / NRK

Ventar på å få tak i medisinar

Rett ved evakueringsgrensa møter NRK amerikanaren Richard Malatt. Han har prøvd å kome seg heim for å hente medisinsk utstyr og medisinar.

To kilometer frå der han står, i Brentwood ved Santa Monica, står hus i ruinar.

– Både eg og kona har vore ute av huset sidan brannen starta. Eg har på meg dei same gamle fillene, fortel han.

Richard Malatt

Richard Malatt snakkar med kona på telefonen. Saman prøvar dei å finne ein veg inn til huset i Pacific Palisades.

Foto: Anders Tvegård / NRK

– Så langt har dei ikkje sleppt inn nokon, men ryktet vi høyrde i dag var at denne inngangen var open.

Akkurat no bur dei hos dottera ein annan stad i byen. Huset deira står framleis utan skader, trur han.

– Men resten ser ut som bilete frå Gaza, eller Dresden etter andre verdskrig.

Richard Malatt
Foto: Anders Tvegård / NRK

Biden: – Minner om ei krigssone

USA sin president Joe Biden la fredag kveld ut ein video på X, der han seier at «alt blir gjort på føderalt nivå» for å sørge for at brannoffera får «alle ressursar dei treng».

Biden seier vidare at han har godkjent guvernør Gavin Newsom sin søknad om å klassifisere brannane som ein stor katastrofe.

Dette gjer at dei som er mest råka har rett på kontantstøtte til ting som daglegvarer, morsmjølkerstatning og medisinar.

– Det minner meg meir om ei krigssone, der du har visse mål som har blitt bombarderte, seier Biden om Los Angeles fredag kveld, ifølge AFP.

Han fortalde vidare at han har sett «tydeleg bevis på plyndring» mellom ruinane, og åtvara mot å spreie feilinformasjon om det som har skjedd.

I tillegg lovar han at administrasjonen skal hjelpe til med å bygge opp igjen Los Angeles, når den tid kjem.

Fleire selskap prøvar å talfeste kor mykje ei slik gjenoppbygging vil koste. Ein av rekningane dei har kome fram til, er på 150 milliardar dollar, skriv AFP.

Palisades-brannen sett frå den internasjonale romstasjonen

Natt til fredag såg Pacific Palisades slik ut frå den internasjonale romstasjonen.

Foto: Alexander Gorbunov / Reuters

Kan miste huset, har ikkje full brannforsikring

Voldingen Eldrid O'Driscoll (57) har budd i USA i 30 år. Huset hennar står men er i fare, rett over åskammen frå Palisades-brannen.

– Der er det brannar no og masse mannskap som kjempar. Til tider har vi høyrt at brannen er på veg til nabolaget vi bur i, seier ho til NRK.

– Vi vaknar opp fleire gongar i panikk om at vi kanskje må evakuere igjen. Det har vi heldigvis ikkje trengt her som vi er no.

Eldrid O’Driscoll

O'Driscoll og familien er evakuert. Huset hennar er eit av dei som står i fare for å bli tatt av flammane.

Foto: Anders Tvegård / NRK

Ein av dei vaksne sonene hennar har også mista alt han eig, men alle i familien er trygge.

– Vi blei veldig merksame på at vi ikkje har full brannforsikring, seier ho.

– Det er veldig ekkelt å tenke at dersom vi mistar huset, så får vi igjen kanskje ein tredjedel av det som vi treng for å bu her. Då ville vi bli tvungne til å flytte, tenker vi.

Samtidig veit ho ikkje om dei ønsker å fortsette å bu i eit så brannutsett område.

– Kanskje heim til Noreg. Det har vore i tankane lenge, fortel O'Driscoll vidare.

– Eg har tre barn her, og ein mann. Det er ikkje berre å pakke sakene og dra ein annan plass. Men dei blir berre verre, desse branntilstandane, og tørken som er her.

Brann i Pacific Palisades

Palisades-brannen er den største av dei fire som framleis er aktive. Heimen på biletet, tilhøyrer ikkje O'Driscoll.

Foto: Mike Blake / Reuters

Sender framleis ut evakueringsvarslar ved feil

Medan NRK sin korrespondent køyrer gjennom Los Angeles, dukkar det opp fleire høglydte naudvarslar på mobilen. Der står det:

SKOGBRANN FLYTTAR SEG I HØG HASTIGHEIT I DITT OMRÅDE. EIN EVAKUERINGSORDRE HAR BLITT SENDT UT TIL DITT OMRÅDE. FORLAT DET NO.

På dette tidspunktet er ikkje NRK i eit evakueringsområde.

Naudvarsel frå Los Angeles fylke 10. januar

Slik såg naudvarslinga ut då NRK sin korrespondent tok imot den i bilen.

Foto: Skjermdump / NRK

Fylkesadministrasjonen skriv på sine nettsider, på både engelsk og spansk, at dei har blitt kontakta av fleire personar som har fått varslinga ved ein feil.

– Vi beklagar forstyrringa. Vi jobbar med Det føderale byrået for naudrespons (FEMA) for å undersøke problemet, heiter det vidare.

Dei ber folk om å heller bruke det digitale kartet for evakueringsområda på AlertLA.org.

Altadena samfunnskyrkje har brent ned

Altadena samfunnskyrkje ser slik ut etter brannen.

Foto: FREDERIC J. BROWN / AFP

Les også Politisjef:– Ser ut som områdene er «rammet av en atombombe»

Brannmannskaper kjemper mot Kenneth-brannen i West Hills-delen av Los Angeles, torsdag 9. januar 2025.

SISTE NYTT

Siste meldinger