NRK Meny
Normal

Putin trassar Vesten på ny - oppmodar til meir støtte til Assad

Russlands president avviser kritikken frå Vesten og seier landet vil halde fram den militære støtta til Syria. Samstundes oppmodar Putin andre land til å gjere det same.

Mideast Syria Russia Analysis

Demonstrantar som støtter det syriske regimet haldt ei markering i mars framfor den russiske ambassaden i Damaskus. Russland legg ikkje skjul på at dei støttar det syriske regimet, og dei oppmodar andre land til å gjere det same.

Foto: Muzaffar Salman / Ap

På eit forsvarsarrangement i Tadsjikistan snakka Vladimir Putin om Russlands militære støtte til Syria, og han gjekk så langt som å seie at krisa i Syria kunne vore endå større om ikkje Russland hjelpte Syrias president Bashar al-Assad.

Meint å råke IS

Russland har dei siste dagane fått kritikk, særskild frå USA, for å ha gitt «militærteknisk assistanse» til det syriske regimet, Vestlege land meiner dette bidreg til at konflikten i Syria held fram.

Russland forsvarer deg derimot med at støtta er meint å råke IS.

– Me støtter regjeringa i Syria (...) i deira kamp mot terroraggresjon. Me gjer og vil halde fram med å gje militærteknisk assistanse, og me oppmodar andre land til å bidra, sa Putin ifølgje BBC.

Bashar al-Assad og Vladimir Putin møttes januar, 2005

Syrias, her representert ved Bashar al-Assad og Vladimir Putins Russlands har lenge vore allierte. Her frå januar 2005, altså lenge før den syriske borgarkrigen starta.

Foto: SERGEI CHIRIKOV / Ap

– Russiske soldatar i Syria

Kva støtte Russland gjer til Syria er meir uklart, sidan Russland og Vesten har ulike versjonar. USA meiner det er utstasjonert russiske soldatar på ein flyplass nær den syriske hamnebyen Latakia. Fleire medium har også rapportert om pansra køyretøy lasta med det som ser ut til å vere russiske soldatar.

Vladimir Putin har derimot nekta for at det er russiske soldatar i Syria, men legg altså ikkje skjul på at Russland støtter Assad-regimet. Dei har også sagt at dei vil hjelpe det syriske regimet om dei ber om dei ber om det.

Ein talsmann for Pentagon, det amerikanske forsvarsdepartementet, meiner at Russland no planlegg å opprette ein flybase i Syria. I tillegg er to russiske skip på veg mot kystbyen Tartus, påstår Pentagon.

– Syria kunne blitt som Libya

Russiske og syriske medium melder også om at 80 tonn med naudhjelp er frakta frå Russland og inn i Latakia. Det syriske regimet har kontroll over denne hamnebyen langs Middelhavet.

Heilt sidan borgarkrigen i Syria starta i 2011 har Russland støtta Assad-regimet. Mange vestlege land meiner dette har hindra å få til ei fredeleg løysing i Syria. Putin meiner derimot at situasjonen i Syria kunne vore lik som i Libya utan Russlands hjelp.

I Libya vart president Muammar Gaddafi drepen og fjerna frå presidentstolen i 2011, etter at mellom anna Nato sette inn styrker for å hjelpe opprørarane. I tida etter den libyske borgarkrigen har det herska fullt kaos i Libya, og ingen regjering har klart å ta kontroll over landet på ny.

Laster kart, vennligst vent...

Latakia (lengst nord) og Tartus er to av byane der Russland skal ha sendt fly og skip, ifølgje Pentagon. Russland sjølve nektar for dette, men legg ikkje skjul på at dei støtte det syriske regimet på andre måtar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt