Hopp til innhold

Politiet: - Reine slaktinga

Matti Saari skaut medelevane sine ein etter ein, og naut å sjå dei dø, fortel overlevande etter skule-massakren i Finland til politiet.

Lys brenn for dei omkomne i Kauhajoki
Foto: LEHTIKUVA / REUTERS

Då Saari (22) fyrte av det fyrste skotet på yrkesskulen i Kauhajoki, kasta alle som var i klasserommet seg ned på golvet, før han gjekk rundt og skaut dei ein etter ein.

- Fryda seg då blodet flaut

Politiet har avhøyrt tre av elevane, som klarte å flykta ut av klasserommet og overlevde massakren.

- Det verka som han fryda seg då blodet flaut, seier dei overlevande etter blodbadet i klasserommet.

I følgje augenvitne oppførte Saari seg svært aggresivt, og han skal ha sagt han naut situasjonen.

- Han gjennomførte ugjerninga med kaldt blod og skaut sine eigne klassekameratar, seier etterforskingsleiar Jari Neulaniemi til avisa Helsingin Sanomat og legg til:

- Han gjekk heimanifrå med drap i sinnet, og avhøyra av dei overlevande stadfestar mistanken.

LES: Planla massakren i seks år

Ni medelevar og ein lærar vart drepen då Saari gjekk amok på skulen i Kauhajoki i forgårs.

- Reine slaktinga

Neulaniemi skildrar drapa som ei rein slakting. Kva som eksakt skjedde er ikkje heilt klart, då dei overlevande ikkje har kome over sjokket endå.

Truleg gjekk skytinga berre føre seg ei kort stund. Offera hadde ingen mogelegheit til å forsvara seg, og det oppstod truleg ikkje noko slagsmål, opplyser politiet.

Etter skota skal Saari ha tømt ut bensin på golvet i klasserommet og tent på.

Ein av klassekameratane var ein god venn som Saari var mykje ilag med på fritida. Men sjølv nærveret til vennen skal ikkje ha hindra Saari i å drepa.

22 år gamle Matti Saari skaut seg sjølv i hovudet etter å ha utført ugjerninga, og døydde seinare på sjukehuset av skadane.

SISTE NYTT

Siste nytt