Hopp til innhold

- Busetnad eller fred

– Israel må velje anten busetnader eller fred, seier palestinarane sin sjefforhandlar, Saeb Erakat.

Palestinas president, Mahmoud Abbas

Presidenten i Palestina, Mahmoud Abbas seier samtalane med Israel vil bli stogga dersom Israel tek opp att byggjeaktiviteten på Vestbreidda og i Aust-Jerusalem.

Foto: POOL / Reuters

Palestinarane har no gått med på å ta opp att direkte samtalar med Israel, men ifølgje palestinarane sin president, Mahmoud Abbas vil samtalane verta brotne dersom Israel tek opp att byggeaktiviteten i dei jødiske busetnadene på den okkuperte Vestbreidda.

Abbas gjev klar beskjed om at Israel ikkje kan få i både pose og sekk.

– Valet den israelske regjeringa står overfor, er busetnader eller fred, dei kan ikkje få begge delar, seier Saeb Erakat.

Håpar på forsoning

Israel har innført ein mellombels stogg i byggeaktiviteten, men dette er berre fram til den 26. september.

– Dersom Israels statsminister Benjamin Netanyahu vedtek å ta opp att byggeaktiviteten etter denne datoen, vil han ha bestemt seg for å stogge forhandlingane, åtvarar Erakat.

– Me håpar Netanyahu vel forsoning framfor konfrontasjon, men det er opp til han, seier den palestinske sjefforhandlaren.


(NTB)


SISTE NYTT

Siste nytt