Hopp til innhold

Fleire drepne etter russisk angrep mot sivile i Sumy

Lik ligg strødde i gatene etter eit missilangrep på den ukrainske byen.

Video delt av regionale myndigheter viser Sumy under angrep. Videoen er verifisert av nyhetsbyrået Reuters. Musikk er lagt på av kilden for videoen, Sumy Regional Military Administration.

Video delt av regionale styresmakter viser Sumy under angrep. Videoen er verifisert av nyheitsbyrået Reuters. Musikk er lagt på av kjelda for videoen, Sumy Regional Military Administration.

Minst 34 er drepne og 117 skadde etter eit russisk rakettangrep mot byen Sumy, nord i Ukraina.

Det melder ukrainske myndigheiter og naudetatane i byen.

To barn er blant dei drepne.

To rakettar slo ned i sentrum av byen rett før klokka 11 lokal tid på palmesøndag. Fleire var ute på gata, mange på veg til kyrkja.

en bil på gaten

Biletet er delt av statsadvokaten i Sumy.

Foto: HANDOUT / AFP / NTB

Bilete og videoar frå Sumy sentrum viser menneske som ligg strødde på bakken og intenst redningsarbeid.

– Russland angreip sentrum av byen med ballistiske våpen på eit tidspunkt då det var mange menneske på gata. Dette var eit bevisst angrep på sivile under ei stor kyrkjeleg høgtid.

Det skriv Ukrainas innanriksminister Ihor Klymenko på Telegram.

President Volodymyr Zelenskyj har delt ein video av det som skal vere åstaden. Den viser fleire døde menneske som ligg på bakken.

– Fiendtlege rakettar trefte ei vanleg bygate, vanlege liv. Bustadar, utdanningsinstitusjonar, bilar på gata ... Og dette på ein dag når folk går til kyrkja, skriv han.

Han ber verdssamfunnet reagere kraftig.

– Brot på folkeretten

Utanriksminister Espen Barth Eide fordømmer angrepet på det sterkaste, og kallar det grufullt.

– Dette angrepet føyer seg inn i rekka av russiske angrep der tett befolka område blir ramma med stor brutalitet, seier han til NRK.

Å angripe sivile på denne måten er eit alvorleg brot på krigens folkerett, understrekar han.

Espen Barth Eide iført briller og dress

Utanriksminister Espen Barth Eide fordømmer angrepet på det sterkaste.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Også leiar for Det europeiske rådet, Antonio Costa, fordømmer angrepet.

– Russland held fram med sin valdskampanje, og viser nok ein gong at denne krigen eksisterer og skjer berre fordi Russland vel at han skal gjere det, skriv han på X.

Italias statsminister Giorgia Meloni kallar angrepet feigt og grufullt, og seier det går imot alle reelle forsøk på fred.

– Nok ein gong er det sivile offer, inkludert barn, diverre, skriv ho.

Også Frankrikes president Emmanuel Macron fordømmer angrepet.

Angrep mot sivile aukar

Angrepet skjedde medan det held på samtalar mellom Russland og USA om å få til ei våpenkvile.

For ein månad sidan gjekk Ukraina med på ei full våpenkvile i 30 dagar. Russland gjekk ikkje med på dette.

Sidan har Russland intensivert angrepa mot sivile, ifølge ei kartlegging frå FNs monitoreringsteneste HRMMU.

Gate med brostein etter angrep. Mennesker og trær på avstand.

Biletet er delt av byrådet i Sumy.

Foto: AFP PHOTO / UKRAINE'S SUMY CITY COUNCIL / AFP PHOTO / UKRAINE'S SUMY CITY COUNCIL

Frå februar til mars auka sivile dødsfall med 50 prosent.

Berre i mars blei meir enn 160 sivile drepne og minst 910 skadde i russiske angrep mot Ukraina.

USA og Russland i samtalar

På fredag møttest USAs spesialutsending Steve Witkoff og Russlands president Vladimir Putin for å diskuterte ein fredsavtale.

to menn som håndhilser

Steve Witkoff og Vladimir Putin møttest i Moskva på fredag.

Foto: Gavriil Grigorov / Reuters / NTB

Kreml kalla samtalane «produktive», men forhandlingane har stagnert grunna usemje rundt vilkåra for ei full våpenkvile.

Donald Trump viser no teikn på utålmod.

– Russland må få fart på seg. For mange folk DØYR, tusenvis i veka, i ein grufull og meiningslaus krig, skreiv han på sitt eige sosiale medium på fredag.

Skaut ned dronar

Russland og Ukraina melder begge om droneangrep i natt.

Russland angreip Ukraina med 55 dronar natt til søndag, ifølge det ukrainske luftforsvaret.

Samtidig seier Russland at dei skaut ned 13 ukrainske dronar.

en bil parkert foran en bygning

Byrådet i Sumy har delt biletet.

Foto: HANDOUT / AFP / NTB

Dei 13 dronane blei skote ned over regionane Kursk og Belgorod, ifølge det russiske forsvarsdepartementet.

Ukrainas luftforsvar seier dei skaut ned 43 av dei 55 dronane Russland angreip med. Dronane angreip nordlege, sørlege og sentrale område i Ukraina.

Interessert i utanriksstoff? Høyr vår nyaste podkast-episode:

SISTE NYTT

Siste meldinger