Hopp til innhold

Oppdaga pyton-passasjer i lufta

Flypassasjerane måtte klypa seg i armen då dei ein time etter avgang fekk auge på den tre meter lange blindpassasjeren som låg og bukta seg ute på venga.

Slange på fly

Eventyrlysten eller uheldig, pytonslangen som blei med eit passasjerfly over Korallhavet, gjorde det med livet som innsats.

Foto: HANDOUT / Reuters

Flyet tok av frå Cairns i Australia og skulle til Papua Ny Guinea torsdag. Den smidige blindpassasjeren blei først oppdaga midtvegs i flyginga, ein time etter avgang.

– Halvvegs til Papua Ny Gunea melde passasjerar frå om at ein slange klamra seg til venga, seier ein talsmann for det australske flyselskapet Qantas.

På 10.000 meters høgde, i 400 kilometer i timen og tolv minusgrader kjempa den tre meter lange pytonslangen ein desperat kamp for å overleva.

«Dette kan ikkje vera sant», var den første reaksjonen til kabinbesetninga i flyet då passasjerane varsla dei om at ein tre meter lang pytonslange hadde blitt med flyet.

(Artikkelen held fram under videoen)

Slang på fly i Australia

Dødeleg stunt

Kanskje fekk dei flashback til «Snakes on a plane», den amerikanske fiksjonsfilmen frå 2006 der ein FBI-agent må kjempa ein kamp på liv og død mot giftige slangar om bord på eit fly 30.000 fot over Stillehavet.

Men denne gongen var det ikkje oppspinn. Heldigvis for passasjerane var slangen på utsida av flykroppen. Den var dessutan av typen «scrub python», som ikkje er giftig, men som kan bli heile 8, 5 meter lang.

– Eg synst faktisk veldig synd på slangen. Heile turen prøvde han å slynga seg saman i ly under venga, seier passasjeren Robert Weber til The Sydney Morning Herald.

Krabaten hadde truleg klatra opp på flyet via buskar eller mangrovetre som omkrinsar flyplassen i Cairns. Slangen utgjorde ingen fare for tryggleiken om bord, opplyser flyselskapet Qantas.

Eit større risikoprosjekt var det for slangen sjølv. Våghalsen frå tropiske Queensland var utruleg nok framleis i live ved ankomst, men døydde like etter den iskalde lufteturen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt