Hopp til innhold

Om eit år kan sonen bli kalla inn i militæret: – Eg er ikkje klar for å sende han i krig

Når ukrainske Roman fyller 18, kan han bli kalla inn i militæret og måtte delta i krigen. Mora fortvilar - og sjølv har han ikkje lyst.

Svetlana og sonen Roman.

– Eg er mor, trur du eg seier til sonen min at han bør dra og kjempe?, spør Svetlana.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

– Eg har tre gutar. Eg er ikkje klar for det, seier Svetlana, tydeleg prega.

Viss krigen held fram, kan eldstesonen Roman bli kalla inn til militærteneste neste år.

Tårene pressar på når ho snakkar om det.

NRK møter ho og sonen Roman utanfor ei kyrkje, kor dei arbeider frivillig med å samle inn klede til fordrive flyktningar. Dagane går stort sett til frivillig arbeid og fjernundervising for Roman.

Roman i Ukraina.

Roman vil ikkje i krigen, men viss han må, reiser han.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

Snart er han 17 år, eit år unna militærteneste.

Roman har begynt å tenke på hans eiga rolle i krigen. Han kallar det for den sikre død:

Når eg møter vennane mine, snakkar vi om krigen. Ingen av oss ønsker å delta. Vi skjønner alvoret i det som skjer. Ein risikerer å døy.

Kan endre meining

Men han er open for at han med tida kan endre meining. Viss han må ut i krigen, så gjer han det.

Ukrainsk mor, Svetlana.

Svetlana er ikkje klar for å sende eldstesonen sin i krig.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

Svetlana er klar på at ho gir sonen rett til å velje sjølv kva han vil, men er uroa:

– Eg er ikkje klar for å sende han i krig. Så lenge det går an, vil eg forsøke å snakke Roman frå å gå i krigen.

Har du ikkje følelsen av ansvar for å forsvare landet?

Ærleg talt, nei. Eg og faren til Roman legg ned så mykje i barnet vårt. Han arbeider og betalar skatt, og legg mykje ned i barnet, akkurat som eg. Han er ukrainar, eg er ukrainar. Vi er patriotar. Vi er for fedrelandet. Men at eg vil sende sonen min for å døy? Nei. Men eg gir sonen min rett til å velje på alle område.

Då krigen braut ut, stod folk i kø for å verve seg. Ei undersøking viser at sjølv om støtta til militæret er sterk, har viljen til å verve seg søkke, ifølge The Wall Street Journal. Militæret skal ha utfordringar med å rekruttere folk, og mange har flykta landet, skriv avisa.

Hittil har over 8 millionar flykta frå Ukraina.

Svetlana og sonen Roman.

Roman brukar dagane på fjernundervising og frivillig arbeid.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

Ho ser mot han, og seier:

– Sjå på kva son eg har. Skulle eg ønske at han blir frakta tilbake i bitar? Nei, sjølvsagt ikkje.

Kva framtida vil bringe, veit dei ikkje. Ukraina har varsla ein storoffensiv, og skal starte opplæring i bruk av nye krigsfly.

Flyktning i eige land

Familien på fem budde i Sievjerodonetsk, aust i Ukraina. Tidleg i krigen blei byen okkupert av russiske styrkar, og Zelenskyj har kalla han for død.

Øydelagt bygning i Severodonetsk.

Morgonen 24. februar trefte den første raketten Sievjerodonetsk. Sidan har 90 prosent av bygga i byen blitt skada.

Foto: Reuters

Byen er bomba i stykkar, og dei fleste har flykta:

– Nokon bur der framleis. Eg veit ikkje korleis. Der er ikkje straum, der er ingenting. Sånn har det vore i eit heilt år. Det er frykteleg.

Familien har blitt flyktningar i eige land. Dei bur no i Kyiv.

Usikker framtid

Svetlana kallar seg for ein ukrainsk patriot. Ho synest Zelenskyj er modig, og rosar at han ikkje stakk av då russarane kom. Det er over eit år sida, men landet står framleis i krig:

– Vi veit ikkje kva som vil skje når krigen er over. Om byen vår blir bygd opp att, eller om området bli fastfrosen i ein langvarig konflikt. Det er ikkje sikkert det blir betre sjølv om det blir slutt på krigshandlingane.

Høyr også:

SISTE NYTT

Siste meldinger