Hopp til innhold

Her er dei nye bryggetrendane som redder humlehagane i Slovenia

Etter år med nedgang, har humledyrkarane i Slovenia fått ein renessanse. Grunnen: Øltørste verdensborgarar.

Humledyrking i Slovenia 2014, humle, brygging, øl

Humlearoma

Humle avgir ein kraftig aroma når den er nyhausta. Likevel er det ein kunst å finne ut korleis avlinga vil gjere seg i årets ølproduksjon.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Humlestenglane braser ned på avlessarvogna. Drengen kjempar med å halde desse fem meter lange slyngplantane på plass. Den uvanleg kalde og våte sommaren i Sentral-Europa og Balkan har gjeve ei rekordavling. Og det betyr klingande mynt i kassa for humlebøndene i Zalec. For humle er blitt mangelvare på verdsmarknaden og prisane skyt i vêret.

Årsaka til den nyvunne interessa for humle er den nye trenden med handverksøl. Mindre produsentar har byrja å brygge sterkt humla øl. Slike småbryggeri poppar no opp over heile verda, og det har skapt ein ubalanse i tilbod og etterspørsel av humle.

Favorittbrygget til desse «Reodor Felgen-bedriftene» er India Pale Ale, eit øl med ti gonger meir humle enn i industripilsen som står i butikkhyllene.

Humlemani i bryggebransjen

Når 800 hundre liter vørter står og koker er det mykje som kan gå gale, men entusiastane ved det slovenske Human Fish bryggeriet lar seg ikkje stresse. Dei skrur på slangar, og justerer temperaturar manuelt her er ingenting datastyrt. For dette er handverk og lidenskap, ikkje industri.

Blaz Bosnar

For Blaz Bosnar var møtet med norske handverksbryggarar ei a-ha oppleving.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Human Fish-bryggeriet er nyoppstarta av ein innvandra australier. Han har overlatt brygginga til sloveneren Jasa Zidar. Og Zidar veit å utnytte at bryggeriet ligg eit steinkast unna dei mane humlehagane i Slovenia.

Oppskriftstavla viser at det går med enorme dosar slovensk og amerikansk humle i brygget «Combat Vombat», som er meint å sløkke tørsten til trendbevisste slovenarar. Bryggerimeister Zidar svirrar rundt i ei mjølete Guinness t-skjorte. Han fortel vil har åtte minutt til å snakke før han må tilsette neste ladning med humlepellets.

Men Zidar vedgår at Human Fish framleis er ein liten humlekunde, samanlikna med gigantar som Carlsberg og Heineken.

Humle

Humle i sin originale form.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

– Luka (ein humlebonde, red.amn.) hausta på to veker tre tonn med humle av typen Auroa om dagen, vi vil bruke rundt 130 kilo med Aurora dette året, fortel han til NRK.

Men dess meir humle dei kan selje til mindre kundar, dess meir pengar kan dei tene – og dess betre blir produkta deira.

Men Human Fish har ambisjonar om å bli ein større fisk på sikt.

Øl er den nye vinen

Handverksøl er den nye vinen, hevdar bryggemeister Matej Pelicon. Han held til i eit vindistrikt på grensa til Italia. Familien har tradisjonelt laga vin, men sjølv ville han prøve noko nytt. Og han fortel det er viktig for han å bruke den lokal humlen.

Human Fish

Det blir brygga på noko i Slovenia.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Men han vedgår at internasjonalt er ikkje den slovenske humlen, Styrian Golding, blant dei mest ettertrakta sortane. Dei mest trufaste kundane har tradisjonelt vore belgiske bryggarar. Men dette er i ferd med å endre seg. Amerikanske handverksbryggarar har byrja reise til Slovenia for å lære meir om slovensk aromahumle. For den nye trenden i USA er å lage belgisk øl.

I USA har småprodusentane 15 prosent av marknaden, og når dei for alvor får auga opp for slovensk humle, vil det bety pengar i kassen for slovenske humlebønder.

Jasa Zidar

Jasa Zidar viser forskjellen på størrelsen på europeiske og amerikanske humlekongler.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Tradisjonelle bønder

I Zalec har bøndene dyrka humle i 130 år. Og bransjen er framleis tradisjonell. Dei er vande til å inngå langtidskontraktar med store grossistar, og prisane har stort sett vore lave. Mange er redde for å selje direkte til småprodusentar, sjølv om dei betalar meir. Dei kan gå konkurs eller finne ut at dei vil bruke anna humle enn den frå Zalec. Mange har også for lite kunnskap om produktet dei dyrkar.

Humlehausting

Humlehaustinga er hektisk. På to veker må alt i hus for å få riktig kvalitet.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Men ein av dei som har satsa stort på handverksølmarknaden, er deltidsbonden Blaz Bosnar. Han har byrja å dyrke amerikansk humle, på oppfordring frå den norske bryggeriet Nøgne Ø. Han seier at dei norske bryggarane har gjeve han ein vekkar, og at han for første gong ser potensialet i humlebransjen.

– Den verkelege augeopnaren var då Kjetil (sjefbrygger ved Nøgne Ø, red.amn.) kom på besøk. Vi byrja å diskutere ulike humletypar. Det var då eg byrja å sjå samanhengen mellom dei ulike humletypane og dei ulike kategoriane øl, fortel Bosnar.

Han har no på oppfordring frå Nøgne Ø byrja dyrke amerikanske humlesortar.

Kommunistlandbruket i omstilling

Humlepellets

Humle i pelletsform, klar for å bli kasta i bryggekjelen.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Ved humlemuseet i Zalec kan ein sjå ein informasjonsvideo frå kommunisttida. Då kom folk frå heile Jugoslavia til Slovenia for å vere med å hauste humle.

Filmen frå 60-talet fortel lite om ulike typar humlearoma. Humle var humle, og det handla om å få mest mogleg oljar ut av planten.

Det har endra seg no. Frå å vere råvareprodusentar til ein grå industri, leverer dei no eksotisk krydder til eit kravstort publikum. Dei bøndene som klarar den omstillinga går lyse tider i møte.