Hopp til innhold

Nord-Korea trugar med heilag krig

Regimet i Nord-Korea trugar USA og Sør-Korea med heilag krig, dersom dei gjennomfører ei planlagd militærøving.

Nord-Koreas nye leder Kim Jong-un
Foto: Reuters/Scanpic

– Øvinga er utilgjeveleg krigshysteri, meiner den nasjonale forsvarskommisjonen i landet (NDC). Kommisjonen seier hæren og folket kjem til å setja ein stoppar for militærøvinga med «ein heilag krig på vår eigen måte».

USA og Sør-Korea har planlagt å arrangera to store øvingar saman neste veke.

Det fiendtlege forholdet mellom dei nordkoreanske styresmaktene i Pyongyang og naboen i sør er dermed uendra etter at Kim Jong-un tok over som statsleiar etter at faren Kim Jong-Il døydde i desember i fjor.

Også førre veke lova den kommunistiske staten nord på Koreahalvøya «nådelause hemnåtak» dersom øvingsammunisjon hamnar i farvatn som Pyongyang har gjort krav på nær den omstridde grensa i Gulehavet.

Landet gjorde den gongen ikkje alvor ut av trugsmålet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt