Hopp til innhold

– Har aldri opplevd noko liknande

DÖBELN, TYSKLAND (NRK): Gravferdsbransjen i den tyske delstaten Sachsen slår alarm. På grunn av ei bølgje av koronadødsfall som krematoria ikkje klarar handtere.

Gerold Mûnster

Familien til Gerold Münster har i fleire generasjonar drive krematoriet i Döbeln, som er det einaste privateigde i området. Han er lei seg for at han ikkje kan tilby god nok service til alle pårørande.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Gerold Münster viser oss inn i kapellet, der pårørande vanlegvis kan ha minnestund. No treng dei plassen til kister.

– Det er tomt her no fordi dei har arbeidd heile natta, men gjennom dagen vil det bli fylt opp igjen, fortel Münster til NRK.

Familien hans eig krematoriet, som er eitt av dei eldste i delstaten Sachsen. Han fortel at kapasiteten er sprengt hjå alle krematoria i området.

Når NRK vitjar krematoriet i småbyen Döbeln, står det kister i gangar og korridorar. Tre skift arbeider nesten døgnet rundt seks dagar i veka.

Influensasesong og pandemi

Covid-19

Kister merka med covid-19 symbol. Kistene er sikra og er trygge å handtere utan smittevernutstyr.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Sjølv om han ikkje fører statistikk, fortel Münster at koronadødsfall ei viktig årsak til at dei ikkje klarer å ta unna alle kistene. Vintermånadane har alltid vore ei travel tid, men dette er noko nytt:

– Eg har aldri opplevd noko liknande, det er første gang i nyare tid at vi har vore i denne situasjonen, fortel Münster.

Sachsen har over 10 % av alle koronadødsfall i Tyskland, i skrivande stund 6002 av 54.913, ifølgje Robert Koch instituttet i Berlin.

Fleire teoriar har blitt lansert for å forklare kvifor. Venstresida peikar på at det høgreradikale partiet AfD står sterkt i Sachsen, og har undergrave kampen mot viruset, noko partiet sjølv avviser.

Andre peikar på at delstaten har ei eldre befolkning, medan andre igjen skuldar den lokale regjeringa for å stenge ned for seint då smittetala byrja auke i november i fjor.

Importsmitte frå Tsjekkia

Ei viktig årsak er importsmitte frå nabolandet Tsjekkia, der situasjonen i lengre tid har vore ute av kontroll.

Grensene har fram til denne veka vore opne, og det er mange som dagpendlar mellom landa.

No er det innført grensekontroll med krav om at pendlarane testar seg fleire gongar i veka.

– 50 % over gjennomsnittet

Ved krematoriet er vinterkulda er ein god hjelpar, for da er ein ikkje så avhengig av kjølerom.

Kjølekontainer

Ein kjølekonteinar er leigd inn for å skaffe nok lagringsplass. Det kan vere opp til ti dagar ventetid på ei gravferd i området.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

I bakgarden står ein innleigd kjølekonteinar som vart leigd inn som lager, slik at dei tilsette skulle få sjanse til å ta juleferie. Men allereie veslejulaftan var konteinaren full og Münster veit ikkje kor lenge han blir nøydd til å leige den.

– Ser vi på desember månad aleine hadde vi 50 % meir enn det som har vore gjennomsnittet dei siste åra, fortel Munster.

– Krevjande for arbeidarane

Korleis dei neste månadane blir er eit ope spørsmål. Influensasesongen varer heilt fram til april og vaksineringa er forseinka.

Snart blir det varmare i vêret, og behovet for meir kjølekapasitet vil melde seg.

Det blir ei påkjenning og Münster er uroleg for dei tilsette:

– Det er ingen som ikkje blir prega av dette – det er krevjande å handtere det at ein somme dagar har fleire dødsfall mot slutten av arbeidsdagen, enn det var då den byrja.

SISTE NYTT

Siste nytt