Hopp til innhold

Kraftige åtak i Ukraina – minst éin drepen og fleire skadde

Åtaka går begge vegar medan Ukraina og Russland trappar opp krigføringa. Samstundes håpar Zelenskyj på at Russland vil snakke fred.

Det er meldt om kraftige åtak mot fleire byar i Ukraina natt til laurdag, inkludert Zaporizjzja, Pavlohrad, Dnipro, Tsjernihiv og Tsjerkasy.

I Zaporizjzja melder redningstenestene i byen om eit massivt åtak – ifølgje redningsmannskapa er éin person drepen og 24 personar skadde.

en gutt som holder en katt

Ein gut held katten sin etter bombinga av eit nabolag i Zaporizjzja.

Foto: Stringer / Reuters / NTB

Samstundes melder det ukrainske militæret at dei har gjennomført åtak mot dei russiske oljeraffineria Krasnodar og Syzran i løpet av natta.

Angreip med over 500 dronar

Klokka 08 norsk tid melder det ukrainske luftforsvaret at Russland fyrte av 537 dronar og 45 rakettar over natta. 548 av desse blei skotne ned medan sju dronar og rakettar trefte mål - i fleire ukrainske byrar.

  • en gruppe mennesker som klemmer utenfor en ødelagt bygning

    Beboere utenfor en bygning i Zaporizjzja

    Foto: Stringer / Reuters / NTB
  • en person som står ved siden av et skilt

    Redningsarbeidere er på plass i et bombet nabolag i Zaporizjzja

    Foto: Kateryna Klochko / AP / NTB
  • en gruppe mennesker som står rundt en ødelagt bygning

    Ødelagte hjem etter angrepene

    Foto: Kateryna Klochko / AP / NTB
  • en gruppe mennesker som står under et ødelagt skur
    Foto: Kateryna Klochko / AP / NTB
  • en kvinne som sitter inne i en ambulanse med redningasarbeidere ved siden av

    Redningspersonell hjelper skadde ved en boligblokk

    Foto: Stringer / Reuters / NTB
  • en bygning som brenner

    Brannslukking pågår

    Foto: Stringer / Reuters / NTB

Åtte personar, der tre skal vere born, er frakta til sjukehus, ifølge guvernør for Zaporizjzja Ivan Fedorov.

Åtaka haldt fram utover morgonen. Den austlege regionen Dnipropetrovsk er også under massivt åtak, ifølge guvernør Serhij Lysak.

Han melder om eksplosjonar fleire stader i fylket.

Som respons er luftforsvaret i Polen sett i beredskap, og har sendt jagarfly på vengene over sitt eige luftrom, skriv luftforsvaret på X.

I tillegg er den tidlegare parlamentspresidenten Andriy Parubiy drepen etter ei skyteepisode i Lviv. Det stadfestar Zelenskyj på X laurdag føremiddag. Saka er førebels under etterforsking.

– Regelrett terrorbombing

Åtaka kjem berre to døgn etter det nest største åtaket mot Ukraina sidan Russlands fullskalainvasjon i februar 2022.

23 personar blei drepne og nærare 50 personar blei såra.

Les også Massivt angrep mot Kyiv: – Dei vel å fortsette å drepe

En gruppe mennesker som står i ruinene av en boligblokk

Oberstløytnant Palle Ydstebø ved Krigsskolen bit seg merke i at typen åtak er det same som tidlegare, men at dei har blitt større i omfang.

Palle Ydstebø

Palle Ydstebø er oberstløytnant ved Krigsskolen.

Foto: NTB

– Enkelte ukrainske observatørar ser at det har vore ein auke i kor mange dronar og missil ukrainarane skyt ned i det siste. Det kan tyde på at dei har fått meir ammunisjon og betre kontroll på luftrommet t sitt, konstaterer Ydstebø.

– Som tidlegare går Russland til åtak på sivil infrastruktur, straumforsyning, kraftverk i tillegg til regelrett terrorbombing av ukrainske byar, seier Ydstebø.

Leitar etter Russland sine svake punkt

Samstundes har Ukraina utført store åtak mot dei russiske oljeraffineria Krasnodar og Syzran.

– Slike åtak påverkar både prisar og tilgangar på den internasjonale marknaden, seier Ydstebø.

Utsikt over en vei fra innsiden av en bil

«Katastrofal» bensin­mangel gir køkaos i Russland

Oljeraffineri er industrielle prosessanlegg der råolje blir omdanna til ulike kvalitetar av petroleum. Dei er difor viktige for å sikre for eksempel drivstoff til transport i Russland.

Ydstebø peikar også på at russarane slit med å få reparert raffineria. Mange av delane dei treng er bygde av utanlandske selskap som har stoppa eksport til Russland. Difor får dei ikkje tak i reservedelar og teknikarar som kan reparere dei.

– Så her har Ukraina funne ei av dei kritiske notane i både det russiske samfunnsmaskineriet, men òg i krigføringskapasieten.

Ukraina skal òg ha sendt dronar til Russland. Laurdag føremiddag seier det russiske forsvarsdepartementet at dei skaut ned 20 dronar laurdag morgon. 18 av desse var over krimhalvøya og dei to andre dronane blei nedskotne over Smolensk-regionen vest i Russland.

Håpar framleis på samtale med Russland

Samtidig jobbar USAs president Donald Trump for å få på plass eit møte mellom Putin og Zelenskyj, ifølge tenestepersonar i Det kvite hus.

en gruppe mennesker som ligger på bakken

Menneske i Kyiv søker tilflukt på ein T-banestasjon under igangverande russiske luftåtak. Minst 23 personar blei drepne i eit åtak mot den ukrainske hovudstaden natt til torsdag.

Foto: Thomas Peter / Reuters / NTB

Viljen frå russiske side verkar til å vere laber for å få til eit slikt møte.

Saman med Zelenskyj har europeiske leiarar sett førstkomande måndag som ein frist for Russland å godta invitasjonen til eit møte med Ukraina.

– Det blir interessant å sjå om det skjer noko då, eller om det framleis blir utsetjing, seier Ydstebø.

Trump og Zelenskyj 27. september 2024

USAs president Donald Trump er ein sentral aktør i det diplomatiske spelet rundt krigen i Ukraina.

Foto: AP

Zelenskyj sa tidlegare at åtaket torsdag viser Russland si tilnærming til diplomati.

– Russland vel rakettar framfor forhandlingsbordet. Dei vel å halde fram med å drepe i staden for å avslutte krigen, skreiv presidenten på X.

Interessert i meir stoff frå utanriksredaksjonen? Høyr podkasten Urix her:

SISTE NYTT

Siste meldinger