NRK Meny
Normal

Ingen svar om sakna nordmann

Utanriksdepartementet har ikkje fått meir informasjon om nordmannen som er sakna i Pakistan.

Ehsan Arjemandi
Foto: NRK

7. august vart norsk-iranaren Ehsan Arjemandi kidnappa frå ein buss på veg frå byen Mand i Balutsjistan til Karachi. Sidan har ingen sett han.

Les også: Sidan har ingen sett han.

Ifølgje Kommunikasjonseininga i Utanriksdepartementet er saka løfta til høgste nivå. Det betyr at utanriksminister Jonas Gahr Støre har vore i kontakt med pakistanske styresmakter. I tillegg er den norske ambassaden i Islamabad i tett kontakt med pakistanske fagstyresmakter, som i dette tilfellet vil seie innanriksdepartementet i landet.

Likevel er det ingen framgang i saka.

Vi er i tett dialog med pakistansk UD, men har ikkje fått meir informasjon.

underdirektør Ragnhild Imerslund i Kommunikasjonseininga i UD

Kan ikkje reise til Pakistan

- Vi sit her fortvila og veit ikkje kva vi skal gjere, seier Mohammad Moosa Arjemandi, som er bror til den sakna og sit i Oslo og ventar på svar.

Mohammad Arjemandi har spurt den norske ambassaden i Islamabad om å få kome til Pakistan og vere med å leite etter broren, men har fått nei på grunn av tryggleikssituasjonen i landet.

Han har nære slektningar i Balutsjistan i Pakistan, men dei har heller ingen ny informasjon.

- Dei kan ikkje gjere så mykje. Dei er også redde, seier han.

Han meiner UD burde leggje meir press på styresmaktene i Pakistan for å få saka oppklart.

- Kan vurdere fleire tiltak

Underdirektør i Utenriksdepartementet Ragnhild Imerslund

Ragnhild Imerslund i Utanriksdepartementet.

Foto: Sindre Løkstad / NRK

Utanriksdepartementet meiner dei gjer det dei kan.

- Vi har understreka at vi ser svært alvorleg på saka, og har bede pakistanske styresmakter skaffe meir informasjon, seier Ragnhild Imerslund.

Ifølgje familien har Ehsan Arjemandi behov for daglege medisinar. UD har difor bede om ein helserapport frå Aker sjukehus.

- Denne er sendt til pakistanske styresmakter for å understreke alvoret i situasjonen, seier Imerslund.

- Kva vert neste steg frå UD dersom det ikkje kjem svar frå Pakistan.

- Vi held fram det arbeidet vi har gjort til no, med å ta opp saka i møter både på fagleg og politisk nivå.

- Kva om dette ikkje fører fram?

- Dersom vi vurderer at det er naudsynt med ytterlegare tiltak, så vil vi gjennomføre desse, men no held vi fram i same sporet som vi er, seier Imerslund.

Fryktar for livet hans

Familien Arjemandi tilhøyrer den etniske minoriteten balutsjarar, som kjempar for sjølvstyre i Pakistan.

Den sakna Ehsan Arjemandi er politisk aktiv og har opponert mot pakistanske styresmakter, men ifølgje familien var han berre på familiebesøk i landet då han forsvann.

Familien hevdar han er arrestert av den pakistanske etterretningstenesta og fryktar for livet hans.

Teken av væpna sivilkledde menn

Ifølgje augnevitne vart Arjemandi kidnappa frå ein buss då han var på veg frå byen Mand i Balutsjistan til Karachi. Han skal ha vorte dregen ut av bussen av væpna sivilkledde menn.

Då slektningar av Arjemandi ville melde hendinga til politiet, vart dei hindra av pakistansk politi.

Også busselskapet skal ha prøvd å melde saka, utan å lukkast.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt