Hopp til innhold

Hestar torturerte i Frankrike

Minst 15 hestar har vorte torturerte og nokre drepne dei siste månadane i Frankrike. Politiet forstår ikkje bakgrunnen for angrepa.

En hest med øret avskjært

LEMLESTA: Fleire hestar i Frankrike har den siste tida vorte torturerte og lemlesta. Politiet etterforskar kva som kan vere bakgrunnen.

Foto: La Ligue Des Animaux

Fransk politi etterforskar drap og tortur av fleire hestar aust i Frankrike. Det siste tilfellet vart funne utanfor Lyon. Hesten hadde døydd av naturlege grunnar, men då han skulle hentast var øyret, nasen og auget vekke, melder The Independent.

Politiet i området seier dei knyter tilfellet til «rundt 15 andre mystiske torturhandlingar av levande hestar i Frankrike dei siste vekene», ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Forstår ikkje kvifor

Ei talskvinne for politiet i Paris sa det har vore kring 10 liknande tilfelle i landet sidan starten av året. Dei fleste har skjedd nord i landet. At dette er en utfordring som går på internett er en av teoriene.

– Vi forstår ikkje motivasjonen. Er det eit satanisk ritual, forsikringssvindel, makaber troféjakt, eller ei internettutfordring? Vi veit ikkje. Det er veldig traumatiserande, sa ho.

Politimannen Bruno Wallart frå Riom sentralt i Frankrike sa i juni: «Er det ei utfordring på internett? Ein person med impulsar? Alle moglegheiter vert undersøkte». Også i Puy-de-Dome regionen har fleire hestar vorte lemlesta.

Mellom 2014 og 2016 skjedde liknande drap og tortur av hestar i Belgia og Tyskland. Det høge talet tilfelle i Frankrike over så kort tid er uvanleg.

– Halve auget var dradd ut

I dei fleste tilfella har hestane sine øyre vorte lemlesta, men ikkje noko kjøtt har forsvunne. I dei verste tilfella har auga vorte tekne ut og kjønnsorgan kutta av, skriv The Daily Express.

France Info har snakka med Loïc Crampon som avlar esel. Han fortel at han fann eit av dyra sine drepe og med eit auge dradd ut. I regionen rundt Dieppe har minst seks dyr vorte angripne denne sumaren, melder radiokanalen.

Eigarar fortel om hestar som er funne skada til daude. Ein hest fekk mange brutale slag mot hovudet. Mélissa Veron seier at ho fann den tre år gamle hoppa si daud i stallen.

– Ho mangla eit øyre og halve auget var dradd ut, fortel ho til tv-kanalen LCI.

Ei kjelde blant etterforskarane seier til TV-stasjonen at dei har få spor å gå etter. Dei som står bak ugjerningane har ikkje lagt igjen nokon spor eller brev.

Det ser heller ikkje ut som dei er ute etter organ eller kjøtt frå dyra. Etterforskarane har tatt kontakt med kollegaer i naboland for å høyre om dei kan hjelpe.

Dyremishandling i Frankrike kan straffast med to år i fengsel og ei bot på 30 000 euro.

SISTE NYTT

Siste nytt