NRK Meny
Normal

Hamas: Terroristar eller fridomskjemparar?

Ulike meiningar om dei kontroversielle styremaktene i Gaza.

MIDEAST

Ein buss er sprengt i lufta i Jerusalem i 2004. Hamas tok på seg skulda.

Foto: FLASH 90 / REUTERS

Morgonen 29 januar 2004 eksploderer ein rutebuss i Jerusalem. Sjølvmordsbombaren på buss nummer 19 tok med seg 11 sivile i døden. 50 andre vart skadde. Hamas tok på seg skulda. Ein studie viser at Hamas stod bak 40 prosent av alle sjølvmordsangrep i Israel i perioden 2000-2005.

Are Hovdenak frå UDIs avdeling for landinformasjon, Landinfo, har for noen år tilbake intervjua mange hamasleiarar. Han fortel at rørsla ser på desse angrepa som ein form for forsvar.

- Dei seier at Israel drep borna deira og at det har dei gjort i mange tiår. Så lenge dette skjer, så meiner dei at Israel også må tole å sjå sine born bli drepne, fortel Hovdenak.

I sommar er over tusen palestinarar drepne i bombeangrepa mot Gaza. 49 israelarar er drepne, dei aller fleste israeleske soldater som er drepne på Gaza-stripen.

Ikkje alle kallar Hamas terroristar

PHR HAMAS

Eit medlem av Hamas sin militære ving.

Foto: Delay, Jerome / NTB scanpix

Trass den valdelege historia, er det ikkje alle land som reknar Hamas som ei terror-rørsle. Noreg er eitt av dei, formelt fordi heller ikkje FN har Hamas på si terrorliste. Men dette gjer også norsk UD til ein viktig mellommann fortel Hovdenak.

- Det at vi ikkje kallar Hamas ei terrorrørsle har gjort det mogeleg for Noreg å spele ei meklarrolle i våpenkvileforhandlingane den siste tida. Norsk UD har ei unik kontakt med Hamas, fortel Hovdenak.

Grunnlagt under den første intifadaen

Det var den muslimske brorskapen i Egypt som grunnla Hamas i 1987. Hamas er ei forkorting for Harakat al-Muqāwamat al-Islāmiyyah, som betyr "den muslimske motstandsrørsla." Men det arabiske ordet Hamas kan også bety entusiasme og glød.

Med ein islamistisk ideologi, sjølvmordsbombarar og rakettar har Hamas i over tjuefem år kjempa mot den israelske okkupasjonen. Men organisasjonen er også kjend for å drive humanitært arbeid, og dei driftar dei sivile institusjonane i Gaza.

Ifølgje den israelske forskaren Reuven Paz er 90 % av aktiviteten til Hamas å drive skular, sjukehus og andre velferdstiltak.

Ekstreme politiske meiningar

Men kritikarane hevdar at Hamas-grunnlova, det sokalla charteret, viser kor ekstrem rørsla verkeleg er. Dokumentet slår fast at Israel ikkje har rett til å eksistere, og det blir referert til Sions vises protokollar, ei bok som hevdar at jødane har ein hemmeleg plan for å ta over verda.

MIDEAST-PALESTINIAN-ISRAEL-HAMAS

Studentar driv valkamp for Hamas i 2006.

Foto: HAZEM BADER / AFP

- Det er svært lenge sidan Hamas fronta dette charteret, som er frå 1988, fortel Hovdenak. Men leiarane er redde for å endre det, då vil det sjå ut som at dei gjev etter for press. Men politisk sett er det mange leiarar i Hamas som seier at charteret er utdatert, og at dei legg vekt på ein heilt annan politikk no, seier Hovdenak.

Men leiar for instituttet for strategiske studiar ved universitetet i Aberdeen, James Wyllie, meiner ein må ta meiningane til Hamas på alvor.

- Ser vi på utsegnene deira, så kjem det klart fram at Hamas ikkje støttar ei tostatsløysing, der palestinarar og israelarar kan leve fredeleg saman. Det Hamas verkeleg ynskjer, er å skape ein fundamentalistisk stat, styrt på grunnlag av koranen, i dei områda som vi no kjenner som Gaza, Vestbreidda og Israel. Dei politiske måla til Hamas er så ekstreme og totale, at eg har vanskeleg for å sjå kor ein kan finne eit kompromiss.

Vilje til mellombels å fire på krava

Men Hovdenak meiner ein kan sjå teikn på at Hamas er villege til å sette krava sine mellombels til side for å gjere situasjonen meir leveleg for vanlege palestinarar.

- Dei har sagt seg villige til å gå med på ei langvarig våpenkvile som kan vare i fleire tiår. Dette kan kanskje vere den mest realistiske løysinga, då osloprosessen viste at partane ikkje var i stand til å bli samde om ei reell tostatsløysing og ein endeleg fred.

Reint fleirtal i Gaza

I 2006 vann Hamas det palestinske valet. I Gaza fekk dei overveldande fleirtal, og dette må verdssamfunnet ta på alvor seier Hovdenak.

- Dette er ein sentral palestinsk aktør som er demokratisk vald med reint fleirtal under valet i Gaza i 2006. Dei er ei politisk kraft å rekne med, og dei må på ein eller annan måte bli inkludert i dei politiske prosessane, seier Hovdenak.

YE MIDEAST ISRAEL PALESTINIANS

Tryggingsstyrkane til Hamas går til angrep på demonstrantar frå Fatah under ein demonstrasjon i Gaza i 2007. Mange vart drepne.

Foto: ADEL HANA / AP

- Hamas er kanskje demokratisk valde, men dei har ikkje oppført seg spesielt demokratisk, meiner Wyllie. Han meiner Hamas skjuler sine verkelege intensjonar, som er å ta full kontroll over palestinsk politikk. Som eksempel viser han til det som skjedde året etter Hamas sin valsiger i Gaza. Samarbeidet med Fatah rakna, og det enda i eit blodig internt oppgjer mellom dei to største palestinske partia.

- Hamas tok over Gaza med makt. Dei kasta Fatah-leiarar i døden frå hustaka, fortel han.

Partane vil aldri bli samde ein gong for alle

- Heile eksistensgrunnlaget til Hamas handlar om å vere i konflikt med Israel, seier Wyllie. Det er viktig for rørsla å heile tida vere meir ekstreme enn Fatah. Tilhengarane ser at Fatah har forhandla i årevis utan resultat. Om Hamas byrjar å forhandle på alvor vil dei miste mykje av truverdet sitt, meiner han.

Men Hovdenak trur Hamas er meir villege til å forhandle enn det dei gjev inntrykk av.

- Ja, Hamas har vidareført den militære kampen som Fatah i si tid stod for. Men eg trur også at dei er villege til å forhandle på sine premissar, seier Hovdenak.

Det vil seie at dei i ein generasjon eller to ikkje vil gjere krav på landet dei hevdar israelarane tok frå dei.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt