Hopp til innhold

Foreldra dreg til Bolivia

Foreldra til ei av kvinnene som sit fengsla i Bolivia har bestemt seg for å dra ned og freiste å hjelpe den 18 år gamle dottera.

Norske kvinner i Bolivia

Tre norske kvinner sit fengsla i Bolivia.

Foto: Arild Vik

Dei har enno ikkje bestemt når dei skal reise, men seier til NRK at dei vil reise så snart ein del praktiske førebuingar er gjort.

Nett-TV: Familien reiser til Bolivia

Far til 18-åringen seier dei har hatt kontakt med dottera i fengselet, og at ho etter forholda har det bra. Dei meiner at dottera ikkje har noko med narkotikaen å gjere og held fast på at ho er uskuldig.

- Vi vil snakke med ho også i dag. Det har vore greit å halde kontakt med fengselet, seier far til 18-åringen.

Familiane til kvinnene får hjelp av UD og ein norsk advokat.

Fant narkotika i bagger

Frå fengselet har kvinnene fortalt til NRK at dei ikkje skjøna kva som skjedde då dei vart stoppa av politiet på flyplassen.

- Vi har vore her i tre veker, og prisane er svært låge. Vi har handla mykje, og måtte kjøpe med oss fleire bagger for å få med oss alt. I botnen av desse nye baggene fant dei narkotikaen, sa dei då NRK møtte dei i fengselet.

Politiet meiner dei tre kvinnene prøvde å smugle 22 kilo kokain ut av landet då dei ble pågrepne tirsdag. Dei er framleis ikkje avhøyrde av politiet.

Les: Fremdeles ikke avhørt