Hopp til innhold

Fleire land fordømmer sjukehus-angrepet

Minst 500 er drepne etter eit luftangrep mot eit sjukehus på Gazastripa, hevdar Hamas. Dette er ikkje bekrefta av uavhengige kjelder. No fordømmer fleire land angrepet.

Døde og pårørende etter at Ahli Arab-sykehuset på Gaza ble truffet av en bombe tirsdag 17. oktober.

Fleire hundre menneske er drepne etter luftangrepet ifølgje Hamas.

Foto: Dawood NEMER / AFP

Qatar, Tyrkia, Egypt, Jordan og Iran er blant landa som fordømmer luftangrepet mot eit område utanfor eit sjukehus på den sentrale delen av Gazastripa.

Det er førebels ikkje bekrefta frå uavhengige kjelder kven som faktisk står bak angrepet.

Tyrkia sitt utanriksdepartement seier at dei «fordømmer Israel sitt barbariske angrep på det sterkaste».

Den arabiske ligaen sin sjef Ahmed Aboul Gheit ber Israelske leiarar om å «stoppe tragedien umiddelbart».

– Kva slags djevelsk sinn bombarderer eit sjukehus og forsvarslause innbyggjarar med vilje?, skriv han på X (tidlegare Twitter).

Fleire hundre er drepne, hevdar Hamas

Også USAs president Joe Biden fordømmer angrepet, og seier at han er rasande, men har foreløpig ikkje lagt skylda for angrepet på nokon, skriv Al Jazeera.

FNs generalsekretær, António Guterres, seier han er forferdet over og fordømmer angrepet.

Russland og de foreinte arabiske emiratene ber nå om at FNs sikkerheitsråd kallar inn til hastemøte i morgon. Det skriv Russlands FN ambassadør Dmitry Polyanskiy på Telegram.

Minst 500 menneske er drepne i luftangrepet, ifølgje Hamas. Dette er ikkje bekrefta av uavhengige kjelder. Situasjonen på bakken er uoversikteleg. Det israelske forsvaret (IDF) seier til Reuters at det er Islamsk heilag krig som står bak. Og at etterretninga deira viser dette. Den islamske terrorgruppa nektar for at dei står bak.

– Det er vanskeleg å tru at det skal vere eit så høgt tal på offer når angrepet har skjedd så nyleg. Det kjem mange falske meldingar frå Hamas, seier IDF sin talsmann Daniel Hagari til Haaretz.

Les også Hamas: Flere hundre drept i israelske luftangrep mot sykehus og skole i Gaza

Ahli Arab Hospital ble bombet tirsdag kveld

FN-sjefen forferdet

Guterres seier han fordømmer angrepet på det sterkaste.

– Eg er forferda over drapet på hundrevis av sivile palestinarar i eit angrep på eit sjukehus i Gaza, som eg fordømmer sterkt, skriv Guterres på X.

Han legg til at hjartet hans er med offera og at sjukehus er verna under folkeretten.

Guterres seier også at han har bede Hamas sleppe fri gislane omgåande, og bede Israel om å sleppe inn nødhjelp til Gaza.

António Guterres

FN-sjef António Guterres reagerer på angrepet tysdag.

Foto: Themba Hadebe / AP

Ber om vern

Også EU-sjefen og WHO-sjefen fordømmer angrepet på sjukehuset i Gaza.

– Vi ber om umiddelbar vern av sivile og helsepersonell, skriv Tedros Adhanom Ghebreyesus i Verdas helseorganisasjon WHO på Twitter.

Den palestinske presidenten Mahmoud Abbas avlyser no møte med USA-president Joe Biden i morgon.

Det opplyser palestinske styresmakter.

Palestinere viser solidaritet med ofrene etter at Ahli Arab-sykehuset ble truffet av en bombe, tirsdag.

Palestinere viser solidaritet med ofrene etter at Ahli Arab-sykehuset ble truffet av en bombe.

Det er store demonstrasjoner på Vestbredden etter at et sykehus på Gaza ble truffet av en bombe.

Det er store demonstrasjoner på Vestbredden tirsdag.

Palestinske demonstranter i Ramallah på Vestbredden tirsdag.

Palestinske demonstranter i Ramallah på Vestbreddem.

Demonstrasjonar fleire stader

Tysdag kveld samla fleire tusen demonstrantar seg utanfor det israelske konsulatet i Istanbul i Tyrkia.

I Beirut måtte opprørspoliti handtere forsøk på innbrot og steinkasting utanfor den franske ambassaden. Demonstrantane klarte ikkje nå fram til det sterkt styrkte amerikanske ambassadeanlegget på ei høgd nord for hovudstaden.

Folk viser si støtte til Palestina utanfor den israelske ambassaden i Istanbul.

Folk viser si støtte til Palestina utanfor den israelske ambassaden i Istanbul.

Foto: AP

Det vart tysdag kveld også heldt demonstrasjonar mot Israel i byar som Toronto, New York og Oslo.

Palestinarane har også oppmoda støttespelarar verda over til å protestere utanfor Israels ambassadar og konsulat. Hizbollah i Libanon har oppmoda til at onsdagen skal bli ein «vreidens dag» som ein reaksjon på sjukehusangrepet.

Onsdag er venta fleire protestar.

Fleire hundre drepne

Ifølgje Al Jazeera hadde tusenvis av palestinarar søkt tilflukt på sjukehuset sin gardsplass. Mange av offera skal vere kvinner og barn.

Ahli Arab Hospital er det eldste sjukehuset i Gaza og vart grunnlagt i 1982. Meir ein 45.000 menneske har blitt behandla på sjukehuset årleg, ifølgje sjukehuset sine eiga nettside.

Røde Kors sin sjefjurist Tobias Köhler seier sjukehus ikkje skal bli angripne.

– Dei skal bli respekterte og beskytta, slår han fast.

Utanriksminister Espen Barth Eide seier at han er djupt bekymra.

– Sjukehus skal beskyttast i samsvar med internasjonal humanitær-rett og angrep mot dei er forbode.

Ingrid Fiskaa er SV sin utanrikspolitiske talsperson.

– Det er heilt uakseptabelt. Eg vil be utanriksministeren kalle den israelske ambassadøren inn på teppet snarast, seier ho til NRK.

SISTE NYTT

Siste nytt