Hopp til innhold

Flaum i ein tredel av Pakistan

Situasjonen i Pakistan blir stadig verre. Eit område på storleik med Noreg og Sverige er no råka av flaumen.

Pakistan

Ein tredel av Pakistan er råka av flaum, og alt tyder på at katastrofen kjem til å auke, ifølgje FN.

Foto: Arif Ali / Afp

Katastrofen beveger seg stadig lenger sørover i landet. Styresmaktene anslår at 20 millionar menneske er råka. 1600 er omkomne.

FN ber no om 459 mill. dollar i naud­hjelp, og seier dødsfalla kjem til å stige kraftig i tida framover.

Til helga besøkjer FNs generalsekretær Ban Ki-moon dei flaumherja områda.

SISTE NYTT

Siste meldinger