Hopp til innhold

EU-besøk til Svalbard for ein felles Arktis-strategi

EUs utanrikssjef Catherine Ashton vitjar Noreg for fyste gong i samband med at EU skal samlast om ein felles strategi for Arktis.

EUs utanrikssjef Catherine Ashton

EUs utanrikssjef Catherine Ashton besøker Norge for fyste gong denne veka.

Foto: STRINGER / Reuters

Saman med utanriksminister Jonas Gahr Støre skal EUs utanrikssjef, Catherine Ashton besøke klimaforskarar på Svalbard 8. mars.

Besøket er ein del av Ashton sitt arbeid med å samle kunnskap om Arktis, med mål om å utforme ein felles Arktis-politikk for EU.

EU vil ha ein eigen Arktis-politikk

EU og Norge bidreg allereie med fleire millionar Euro til utviklingsprosjekt i Arktis innan regional utvikling, næringsutvikling, turisme, urfolk, samferdsel og miljø.

LES: Våren kan bli varmere enn normalt

Men enno fins ikkje ein eigen EU-strategi for det sårbare området. No vil EU gå inn for å utvikle nye forskingsprogram på klimaendringane, noko Arktis er særs sårbart ovanfor.

Vil auke turismen til sårbare Arktis-område

Mellom anna vil EU gå inn for å verne og bevare Arktis og gi eit globalt svar på miljøutfordringane området står ovanfor.

LES: – Russland får fordel av varmere polhav

Ifølgje EU-kommisjonen si melding om Arktis av 2008, vil også EU gå inn for å igangsette kommersiell segling i Arktis.

Det skal mellom anna leggjast til rette for meir turisme, med atterhald om restriksjonar for cruiseskip i særskilt sårbare område, ifølgje EU-meldinga.

Feirar at sola kjem tilbake

Fire år etter meldinga, reiser EUs utanrikssjef Ashton til Svalbard, der ho vil møte klimaforskarar og besøke frølageret. Frølageret er ei samling av frø som skal sikre overlevinga av frø dersom dei skulle gå tapt i sitt naturlege miljø.

LES: Oppdaget ukjent massedød i isødet

Ashton og Støre skal også feire sola sin tilbakekomst til Svalbard, og delta på solfest på føremiddagen 8. mars.

SISTE NYTT

Siste nytt