Hopp til innhold

Erklærer unntakstilstand sør i Ungarn

Ungarn erklærer unntakstilstand i to fylke nær grensa til Serbia, der flyktningane står i kø for å sleppa inn i EU. I natt innførte Ungarn nye lovar som opnar for å straffa ulovlege grensepasseringar med opptil tre års fengsel.

Grensen mellom Serbia og Ungarn

Sjå direktesending frå den ungarske grensebyen Röszke.

Personar som kryssar grensa over til Ungarn utan å ha papira i orden risikerer å bli sett bak lås og slå i opptil tre år, som følgje av lova som den ungarske nasjonalforsamlinga vedtok for halvanna veke sidan.

Hittil er 16 personar, som fortel at dei er flyktningar frå Syria og Afghanistan, arresterte i kraft av dei nye lovane. Det fortel ein talsperson for politiet i Ungarn.

Også den offisielle grensepasseringa mellom Serbia og Ungarn vart ved midnatt stengd på ubestemt tid. Ei talskvinne for FN seier at dei ikkje har fått informasjon frå ungarske styresmakter om kor lang tid det vil ta før dei opnar opp igjen.

Styresmaktene erklærer no unntakstilstand i to sørlege fylke som grensar til Serbia på grunn av den kraftige tilstrøyminga av flyktningar, opplyser ein talsmann for styresmaktene.

Flyktningar og migrantar på grensa mellom Ungarn og Serbia

Flyktningar og migrantar som vil inn i Ungarn frå Serbia kjem tysdag til stengde grenseovergangar.

Foto: Tamas Soki / Ap

Har starta sveltestreik

Ungarn har tidlegare lagt ut piggtråd langs grensa mot Serbia, og er i god gang med å byggja eit fire meter høgt og 17,5 mil langt gjerde. Men tiltaka har så langt ikkje sett ein stoppar for straumen av flyktningar.

Ei transittsone mellom Ungarn og Serbia blir no utvida frå 10 meter til 60 meter, opplyser leiaren for den nasjonale kriseberedskapen, Gyorgy Bakondi, på ein pressekonferanse tysdag.

– Dette området kan mellombels tena som ein opphaldsplass for personar som skal søkja om asyl eller som ventar på å få søknaden sin handsama, seier Bakondi.

Ei gruppe flyktningar som har samla seg nær grensesperringane har no starta ein sveltestreik. Stadig fleire legg frå seg det dei har av vatn og mat i ein haug, og ropar «me vil ikkje eta eller drikka før me har fått lov til å passera grensa».

Hevdar flyktningtala er rekordhøge

For tredje dagen på rad har talet på migrantar som kjem til Ungarn stige til eit nytt rekordnivå, ifølgje ungarske styresmakter. Måndag skal 9380 flyktningar og migrantar ha teke seg inn i Ungarn, ifølgje politiet i landet.

Nyheitsbyrået AFP stiller derimot spørsmål ved politiet sine opplysningar. Korrespondentar ved grensa rapporterer om langt færre som kryssar grensa enn dei føregåande dagane.

I august kom det 156.000 flyktningar og migrantar til Europa, syner ferske tall frå EU sitt organ for ytre grensekontroll, Frontex. Talet hittil år har no passert ein halv million flyktningar, mot 280.000 i heile fjor.

SISTE NYTT

Siste nytt