Hopp til innhold

Er dette superterroristen?

Han har teke på seg skulda for 11. september, Bali-bombene og halshogginga av Daniel Pearl, pluss mykje meir.

Khalid Sheikh Mohammed
Foto: AP Photo / AP

Er Khalid Sheikh Mohammed den superterroristen han blir framstild som, eller har han tilstått etter grov tortur?

Han vart teken til fange av pakistanske tryggingsstyrkar 1. mars 2003, moglegvis i samarbeid med amerikanske spesialstyrkar.

Sidan har han vore i CIA si varetekt, og menneskettsorganisasjonar har heile tida meint av han har blitt torturert.

Guantanamo Bay i soloppgang.
Foto: Brennan Linsley / AP

Kva veit vi så om denne mannen? Dei fleste er samde om at han er ein viktig figur i Al Qaida-nettverket, men mange stiller seg tvilande til at han har vore så sentral som det som kjem fram i utskriftene frå avhøyra på Guantanamo Bay på Cuba.

Det er også klart at han gitt ei erklæring om at han har vore utsett for tortur medan han har vore i CIA si varetekt. Amerikanske styresmakter har fått sterk kritikk for at dette ikkje er gjort offentleg.

Pakistan og Kuwait

Khalid Sheikk Mohammed er truleg fødd 1. mars 1964 eller 14. april 1965 i den pakistanske Baluchistan-regionen. Han vaks opp i Kuwait, men nokre kjelder seier også at han er fødd i Kuwait, men at familien kjem frå Baluchistan.

Han melde seg inn i organisasjonen Den muslimske brorskapen i ein alder av 16 år.

Seinare tok han utdanning i USA. Han utdanna seg til maskiningeniør i North Carolina og var ferdig i 1986. Året etter gjekk ferda til Afghanistan.

Han skal snakke flytande arabisk, engelsk, urdu og baluchisk.

Til Afghanistan

Saman med brørne sine Zahed, Abed og Aref kjempa han mot dei russiske styrkane i Afghanistan. Ein del kjelder seier at han var i Afghanistan også før han reiste til USA, men dette er ikkje stadfesta.

Bank Tower i Los Angeles.
Foto: Kim D Johnson / AP

Etter innsatsen i Afghanistan arbeidde Khalid Sheikh Mohammed for eit elektronikkselskap der han spesialiserte seg på kommunikasjonsutstyr. Han jobba også for den islamske organisasjonen Abu Sayyaf, som gav omfattande hjelp til motstandskampen i Afghanistan.

Det er også klart at han i 1992 kjempa på den muslimske sida under krigen i Bosnia Herzegovina.

Etterpå reiste han til Qatar for å arbeide som prosjektingeniør for elektrisitets- og vassforsyninga i landet. Han hadde denne jobben til 1996, då han flykta av frykt for å bli arrestert av amerikanske styrkar.

Operasjon Bojinka

Vi veit også at han i slutten av 1994 og i byrjinga av 1995 oppheldt på Filippinane, der han nytta dekknamna Abdul Majid og Salem Ali. Han har brukt så mange som 27 ulike dekknamn.

Khalid Sheikh Mohammed vanka ein del på Shangri La Hotel i Makati i 1994. Han gjekk kledd i kvit smoking og hadde store mengder kontantar på seg, har folk som kjende han på den tida fortalt.

Under opphaldet i Filippinane skal han ha delteke i planlegginga i Operasjon Bojinka. Denne planen gjekk ut på å sprengje 12 rutefly mellom USA og Aust- og Søraust-Asia.

Etterforskarane av terrorangrepa mot USA 11. september 2001 seier at dette var første gongen Khalid Sheikh Mohammed deltok i sjølve planlegginga av eit terrorangrep.

Terrorplanane vart avslørde, og kameraten Ramzi Yousef vart arrestert. Khalid Sheikh Mohammed hadde kome seg tilbake til Qatar før avsløringa.

I 1996 vart Khalid Sheikh Mohammed i løyndom sikta for si deltaking i Operasjon Bojinka av ein domstol i New York.

I løpet av 1995 er det kjent at han reiste til Sudan, Jemen, Malaysia og Brasil for å vitje medlemer av ulike jihad-grupper. Det er likevel ikkje funne prov som kan knyte han til terroraksjonar i desse landa.

Under opphaldet i Sudan prøvde han å få til eit møte med Osama bin Laden, som på den tida budde i landet med den politiske leiaren Hassan al Turabi si støtte.

USA bad på denne tida styresmaktene i Qatar om å arrestere Khalid Sheikh Mohammed, noko som fekk han til å flykte til Afghanistan. Osama bin Laden hadde reist frå Sudan og slått seg ned i Afghanistan, og snart innleidde desse to eit samrbeid.

Dei to kjempa saman mot russarane i Afghanistan i 1987, men på den tida hadde dei ikkje noko nært samarbeid.

Møte i Tora Bora

Ein del kjelder fortel at ein nær medarbeidar av Osama bin Laden, Mohammad Atef, fekk i stand eit møte mellom bin Laden og Khalid i det uvegsame fjellområdet Tora Bora sommaren 1996. Her skal Khalid ha lagt fram planar for bin Laden som skal ha vore utgangspunktet for terrorangrepet mot USA 11. september 2001.

Dei same kjeldene seier at bin Laden på dette møtet bad Khalid Sheikh Mohammed om å gå inn i hans Al Qaida-nettverk som fullverdig medlem, men han gjorde ikkje det før eit par år seinare.

Det skal ha vore dei samkøyrde bombeangrepa mot dei amerikanske ambassadane i Dar es Salaam og Nairobi som overtydde Khalid Sheikh Mohammed om at Osama bin Laden verkeleg var ute etter å angripe USA.

Det høyrer også med til historia her at Khalid hadde vore med i gruppa Abu Sayyaf, som hadde eit problematisk forhold til Taliban. Dette måtte han halde skjult for bin Laden og medabreidarane hans, som vart støtta av Taliban.

Klarsignal frå bin Laden

På slutten av 1998 eller byrjinga av 1999 skal Osama bin Laden ha gitt klarsignal for planane om kapringa av fleire passasjerfly og styrte dei inn i viktige bygningar i USA. Gjennom fleire møte mellom Khalid Sheikh Mohammed og Osama bin Laden våren 1999 skal planane ha blitt meir og meir konkrete.

Osama bin Laden
Foto: - / Scanpix/AFP

Bin Laden var involvert i å plukke ut folk til å gjennomføre terroraksjonen, og det skal vere han som plukka ut leiaren for kaprarane, Mohammed Atta. Han sytte også for finansieringa av terroraksjonen.

Khalid Sheikh Mohammed planla sjølve operasjonen, plukka ut mål og organiserte transporten til USA for kaprarane.

I eit intervju med Al Jazeera i 2002 vedgjekk Khalid Sheikh Mohammed å ha vore delaktig i 11. september-angrepa, eller Operasjon heilag tysdag, som var ordlyden han brukte.

1. mars 2003 vart han altså arrestert i Rawalpindi i Pakistan. Sidan har han blitt flytta rundt til ulike CIA-fengsel, før han enda opp i fangeleiren Guantanamo Bay på Cuba.

Lang liste

Khalid Sheikh Mohammed skal ha tilstått å ha planlagt angrepet mot World Trade Center i New York i 1993, der 10 menneske vart drepne og 1000 såra.

Han skal også ha tilstått å ha planlagt angrepet der den såkalla skobombaren Richard Reid prøvde å sprengje eit amerikansk fly ved hjelp av ei bombe han hadde gøymt i skoen.

Han skal ha tilstått å ha lagt planar om angrep på Heathrow flyplass, Canary Wharf og Big Ben i London, og i tillegg angrep mot mål i Israel og å sprengje Panamakanalen.

I tillegg kjem planar om å angripe skyskraparar i Los Angeles, Seattle, Chigaco og Empire State Building i New York. Det skal også ha versert planar om angrep på atomkfarftverk i USA.

 

Journalisten Daniel Pearl vart drepen i Pakistan i 2002.
Foto: HO / REUTERS

"Velsigna høgrehand"

Han skal også ha sagt at han deltok i planlegginga av attentat mot pave Johannes Paul II, tidlegare president Bill Clinton og Pakistans president Perevez Musharraf.

Vidare skal Khalid Sheikh Mohammed også tilstått at det var han som planla terrorangrepet mot fleire nattklubbar på Bali i 2002.

Og han tek også på seg "æra" for å ha halshogd den amerikanske journalisten Daniel Pearl.

- Eg halshogde den amerikanske jøden med den velsigna høgrehanda mi, skal han ha sagt i avhøyr.

SISTE NYTT

Siste nytt