– Eg går av straks eg finn nokon som er dum nok til å ta jobben, tvitra Musk om sin eigen sjefsjobb i desember.
Tesla-gründeren har hatt stort press på seg til å finne nokon andre som kan styre Twitter sidan han kjøpte plattforma for kring 470 milliardar kroner.
No har han funne ein etterfølgar, opplyste han torsdag. Han gav ikkje noko namn, men sa at «ho» kom til å starte i jobben om seks veker.
Fredag stadfestar han at det er snakk om Yaccarino.
Musk var på scena saman med Yaccarino under ein konferanse frå marknadsføring sist månad.
Foto: Rebecca Blackwell / APMusk seier han framleis kjem til å vere involvert i Twitter som leiar for design og teknologi, medan Yaccarino skal fokusere på bedrifta si verksemd.
Ho skal også forvandle Twitter til ein «alt-mogleg-app» ved namnet X, tvitra han vidare.
Mange store selskap slutta å investere i plattforma etter at Musk tok over, blant anna grunna skepsis til dei store endringane han innførte.
Sjølv innrømmer han at inntekta har blitt «massivt» redusert, men han sa til BBC sist månad at investorane var på veg tilbake.
Ein skjermdump av Twitter-profila til Linda Yaccarino då nyheita blei kjent 12. mai.
Foto: Skjermdump/Oda Eggesbø OttesenEin knallhard forhandlar
Selskapet NBCUniversal seier Yaccarino forlét den noverande jobben «med umiddelbar effekt» etter å ha jobba hos dei i 12 år.
Wall Street Journal har tidlegare skrive at ho var i samtale med sosiale medium-giganten om stillinga.
Ifølge avisa er ho kjent for å ha tette band med marknadsførarar og reklamebyrå.
Den skriv også at ho har rykte på seg for å vere ein knallhard forhandlar.
Nedbemanningar, stadige regelendringar og fleire andre tiltak har skremt vekk ei rekke annonsørar frå Twitter.
Foto: Jeff Chiu / APIfølge LinkedIn-profila hennar, arbeider Yaccarino også med Verdas økonomiske forum (WEF), ved å leie ei arbeidsgruppe og som medlem av ein styringskomite kopla til media, underhaldning og kulturindustriane.
Ifølge profila hennar hos selskapet NBCUniversal, leidde ho eit globalt team på kring 2000 menneske, og tente inn meir enn tusen milliardar kroner gjennom reklamekampanjane sine.
«Make or break»
Grunnleggar av IKT-rådgivingstenesta Otta, Torgeir Waterhouse, seier at Twitter i dag kan bli sett på som ein «brennande plattform».
– Ein stad der tilsette er vekke, annonsørar er vekke, og det er mykje bråk. Så det er ein litt «make or break»-situasjon, seier han.
– Ein må lukkast med å få denne plattforma tilbake, å skape tillit på marknaden hos brukarar og annonsørar, og heilt enkelt bygge opp att det som var ei stor plattform.
IT-ekspert Torgeir Waterhouse er spent på om Twitter kjem til å klare å halde på brukarane sine.
Foto: Robert Rønning / Robert Rønning / NRKDenne redningsaksjonen kjem på eit tidspunkt der det kjem mange nye typar tenester på marknaden, noko som krev ein «solid snuoperasjon» frå Twitter si side, ifølge Waterhouse.
Men det kan vere akkurat reklame-ferdigheitene til Yaccarino som reddar dagen, seier han vidare. Så lenge Musk ikkje styrer skipet frå baksetet, vel å merke.
– Han er ein veldig synleg person, og synlege personar tek mykje plass. Det er alltid ein risiko for at mange vil ta omsyn til han og ikkje den nye sjefen.
– Det er også ein risiko for at den nye sjefen kanskje ikkje får det handlingsrommet som trengst også er noko som står att å sjå.