Gløym den obligatoriske førjulshandelen på grensa, årets juleshopping tek du i Reykjavik. Billegare julegåver skal du leite lenge etter.
Islands økonomiske vanskar gjer det nemleg mogeleg å gjere årets store julevarp langt ute i Nord-Atlanteren. Sidan i vår har den islandske krona rast i verdi. Bank og børskollapsen på sagaøya har gjort den islandske krona langt mindre verdt enn det som er normalt.
Dress deg opp
I fleire tiår har Island, og særleg Reykjavik, vore motemetropolen i Nord-Europa. Her har store varehus prøvd ut produkta sine, langt tidlegare enn i resten av Europa.
Nye og eksklusive varer er lett tilgjengelege. Med dagens priser kan alle moteløver verkeleg gjere eit varp. Underteikna sikra seg dress for 338 norske kroner!!!
Få har tenkt tanken
Få har fått med seg kor billig det er å handle på Island akkurat no. Ifølgje islandsk turistnæring er det langt i frå fullbooka hotellrom i november og desember. Ein ventar noko meir turistar til landet før jul, men ein slepp langt i frå køane som til dømes London slit med.
LES:
Trivst du betre med å gå i ro og fred, kan shopping i Reykjavik si hovudgate Laugavegur vere alternativet. Dette er langt frå like stressande som ein laurdagstur på Karl Johan i desember. Islendingane sjølve handlar óg langt mindre no, sidan dei har mindre å handle for.
Sjekk ut kva du kan spare
Shopping kan vere så mangt. NRK har testa ut prisane på ei rekkje varer og rekna ut kor mykje du kan spare.
På Island får du ein pils for 35 kroner.
Foto: Øyvind André Haram / NRKLevis 501:
Noreg 800 kr - Island 350 kr
Moods of Norway-dress:
Noreg 6500 kr - Island 1300 kr
Gucci-veske:
Noreg ca 5000 - 6000 kr - Island 1300 kr
Pils:
Noreg gj.snitt 65 kr - Island ca 35 kr
Prada-sko:
Noreg 2500 - Island 500 kr
Mett på småpengar
Blir du svolten under all shoppinga? Ein hamburgar fristar kanskje? På Island kostar ein stor Burger King 56 kroner.
Vi kjøpte også ein tre rettars meny med eitt glas vin på ein av Reykjavik sine betre restaurantar. For det heile blei rekninga 5200 islandske kroner, altså 288 norske!
Flybillett og hotell
Førebels er det ingen problem å finne flybillett over havet. Ein rask sjekk på nettet gir følgjande priseksempel.
ICELANDAIR: 2320 kr t/r
SAS: 2200 kr t/r (har og pakketilbod t/r m tre netter hotell for 3695)
ICELANDEXPRESS: 1700 kr t/r (flyreiser berre frå København og Stockholm)