I denne saka får du svar på desse spørsmåla:
- Kva står på spel?
- Kva går krangelen ut på?
- Kva har dette med Nasa å gjere?
- Gjekk Musk, eller fekk han sparken?
Det var få som trudde det nære samarbeidet mellom Donald Trump og Elon Musk ville vare evig.
Men då Musk takka for seg som planlagt, verka det som partnarskapen hadde nådd ein fredeleg, om litt bitter, slutt.
Så dukka forskjellane opp der dei begge likar å kjempe best: på X og Truth Social.
Trump hevdar at Musk ikkje gjekk av, men fekk sparken. Musk trua med å stoppe transport til Den internasjonale romstasjonen.
Ein tredje innflytelsesrik mangemilliardær, Bill Ackman, er blant fleire støttespelarar som har rykt ut for å mekle.
– Eg støttar Donald Trump og Elon Musk og dei bør gjere fred til fordel for vårt storslegne land, skriv Ackman på X.
Svaret frå Musk kan tolkast som forsonande:
– Du tek ikkje feil.
Det har kome motstridande meldingar om at dei to skal snakke saman i ein telefonsamtale.
Men då ABC News spurde presidenten om dette, svarte han at han ikkje var særleg interessert, og kalla Musk for «mannen som har mista vitet».
Dette står på spel
Begge har mykje å tape på å miste samarbeidet seg imellom.
Musk har betalte 275 millionar dollar på presidenten sin valkamp i fjor, og har lova å betale ytterlegare 100 millionar til grupper knytte til presidenten før mellomvalet neste år, ifølge New York Times.
Under valkampen i 2024 var Elon Musk ein av Trumps mest uttala støttespelarar. Han betalte store summar for å få presidenten valt inn på nytt.
Foto: JIM WATSON / AFP / NTBNo lurar mange på om desse vil bli utbetalte. Den rikaste mannen i USA har allereie teke ein økonomisk støyt.
Aksjane til elbilprodusenten Tesla fall nemleg 14 prosent fredag morgon norsk tid. Men då marknaden opna igjen i USA, hadde dei henta seg inn att.
Så er det romfart. Kontraktane som er aktive per dags dato mellom Musk-selskapet SpaceX og amerikanske styresmakter, er verd fleire milliardar dollar.
Ein av dei gjeld SpaceX sitt romfartøy Dragon. Nasa treng dette for å frakte astronautar, mat og andre forsyningar til Den internasjonale romstasjonen.
Ein SpaceX-romrakett av typen Falcon 9 med Dragon-fartøyet festa øvst.
Foto: BRANDON BELL / AFP / NTBMusk trua med å avvikle dette då Trump anbefalte å gjere slutt på selskapa hans sine offentlege subsidiar og kontraktar. Nasa avviste på sin eigen konto at Dragon-prosjektet ville stoppe.
– Ok, vi skal ikkje avvikle Dragon, skreiv Musk deretter.
Dette går krangelen ut på
Ordkrigen går i bane rundt Trump sitt forslag til statsbudsjett, som Musk har vore stadig meir kritisk til.
Forslaget blei så vidt godkjent av Representanthuset sist veke og blir no vurdert av Senatet. Den inneheld enorme skattekutt og ei vesentleg auke i forsvarsutgifter.
«Det store vakre budsjettforslaget», kallar Trump det. «Det store stygge budsjettforslaget», skriv Musk.
Han hevdar det vil medføre eit nasjonalt underskot på to og ein halv billionar dollar.
Leiaren for det republikanske fleirtalet i Representanthuset, Mike Johnson, godkjente statsbudsjettet sist veke med knapp margin.
Foto: KEVIN DIETSCH / AFP / NTBMusk kom også med ei skulding som har fått særleg mykje merksemd det siste døgnet.
– Trump står i Epstein-dokumenta. Det er den eigentlege grunnen til at dei ikkje har blitt offentleggjorde. Ha ein fin dag, DJT!
Musk la ikkje fram noko dokumentasjon på koplinga til Jeffrey Epstein.
Trump og Epstein har fleire gongar blitt tekne bilete av saman, men det same gjeld Bill Clinton. Ingen av desse tilfella førte til skuldingar om straffbare forhold.
Fredag ettermiddag står det også ei meiningsmåling festa på toppen av Musk sin X-profil, der over 4,6 millionar menneske har svart.
Han spør om det er på tide å starte eit nytt politisk parti i USA, som «faktisk representerer dei 80 prosentane i midten» av amerikansk politikk.
Difor er Nasa blanda inn
Budsjett-argumenta er truleg ikkje heile historia. Sist helg kom det også ei stor overrasking for romfartssamfunnet.
Jared Isaacman, som dei aller fleste trudde skulle bli den nye sjefen i Nasa, fekk nominasjonen sin trekt av Trump denne veka.
Isaacman, som er milliardær og astronaut, var Musks favoritt til jobben. Dei to har vore nære allierte sidan førstnemnde betalte for SpaceX sin første chartertur til verdsrommet.
Torsdag kveld delte Musk innlegget som Trump publiserte då Isaacman blei nominert. Der står det at han er «ideelt rusta» til å leie Nasa.
Jared Isaacman framfor ein Falcon 9-rakett i Hawthorne, California. Isaacman og Musk er nære allierte.
Foto: PATRICK T. FALLON / AFP / NTBTrump har ikkje sagt kvifor administrasjonen har ombestemt seg, men at det skjedde etter «ein grundig gjennomgang av tidlegare tilknytingar».
Isaacman har tidlegare donert pengar til demokratar, som Mark Kelly i Senatet, men også fleire republikanarar, melder The Hill.
Isaacman fortel i nettpodkasten All In at han fekk telefonen sist fredag, om at presidenten hadde bestemt seg for å «gå i ei anna retning».
– Det var absolutt skuffande. Men presidenten treng å han sin person som han kan lene seg på til å utføre hans agenda.
– Eg trur ikkje at timinga var så veldig tilfeldig, i og med at det var andre endringar på gang same dag, seier han vidare, og viser til at Musk blei takka av same dag.
Isaacman var i verdsrommet sist september for å prøve SpaceX si nye romdrakt. Her er han på ei høyring i senatet 9. april.
Foto: KEVIN DIETSCH / AFP / NTB– Eg bad han om å gå
Det har fleire gongar blitt signalisert at Musk ville avslutte arbeidet for Trump kring desse tider.
Fredag sist veke blei avgangen markert med ein seanse på Det ovale kontor, der Trump var til stades.
Med dette var arbeidet til Musk konkludert som leiar for Effektiviseringsdepartementet (Doge) i USA. Trump skreiv eit innlegg på X der han takka han for strevet.
Men også dette tok ein annan tone torsdag kveld.
– Elon begynte å bli «frynsete». Eg bad han om å gå, skriv Trump.
Sist veke tok dei kvarandre i handa. Trump gav Musk ein gullnøkkel med seglet til Det kvite hus som takk for strevet.
Foto: Nathan Howard / Reuters / NTB– For ein openberr løgn. Så trist, svarar Musk.
Trump får støtte i sin Musk-kritikk frå fleire i sitt eige parti. Tre kongress-representantar, alle frå Texas, har uttrykt dette til Fox News fredag morgon.
Ein av dei, Troy Nehls, seier at Musk «gjekk for langt» då han hevda at Trump var nemnd i Epstein-dokumenta. Samtidig er han kritisk til at det heile går føre seg på sosiale medium.
– Det er berre ikkje noko behov for dette, seier Nehls vidare til den amerikanske nyheitsnettstaden.
– Dei samtalane bør bli haldne bak lukka dører.