Kuwaitiske tenestemenn har alt gjort det klart at dei ikkje vil tillata USA å bruka den vesle staten som utgangspunkt for eit eventuelt åtak på Iran, slik han var under invasjonen av Irak i 2003.
– Herr president, regionen treng smarte initiativ, ikkje smarte bomber, skreiv avisa Al-Rai på framsida fredag.
Kuwait huser ein av dei største amerikanske militærbasar i regionen, Arifjan-leiren, og 15.000 amerikanske soldatar er utplassert i denne og andre militærleirer i landet. Basane speler ei viktig rolle i den amerikanske krigføringa i Irak.
Rundtur til allierte
Bush reiser vidare til Bahrain og Dei sameinte arabiske emiratane, og vert den fyrste amerikanske president som vitjar desse landa. Etter det går ferda vidare til Saudi-Arabia.
Rundturen til dei allierte i den arabiske verda har også eit mål om å få naboane til Israel og Palestina til å stø den skjøre fredsprosessen mellom dei.
Alle monarkia i området rundt Persiabukta har nære band til USA, og kjøper store mengder våpen frå landet.