Tilbaketrekkinga frå russisk side skal ha skjedd i løpet av dei siste fire dagane.
I så fall har Ukraina teke tilbake minst ein kilometer av territoriet sitt, heiter det vidare i den daglege oppdateringa til britisk etterretning på Twitter.
– Området har noko taktisk meining fordi det var ein russisk bruhovud på den vestlege sida av Donets-Donbas kanalen, som markerer frontlinja gjennom delar av sektoren, skriv dei.
Brigaden blir skildra som ein del av 3. armékorps, som blei oppretta i 2023. Det har kome fleire påstandar om låg moral og kampevne i korpset.
– Utplasseringa av korpset ved eit så krevjande frontavsnitt tydeleggjer Russland sin alvorlege mangel på truverdige kampeiningar.
Ukrainsk general Oleksandr Syrskyi, som leiar Ukraina sine styrkar på bakken, skriv også laurdag om endringar ved fronten.
– Soldatane våre rykker fram i nokre delar av frontlinja, og fienden tapar utstyr og menn, heiter det i innlegget hans på sosiale medium.
På si side hevdar Moskva at styrkane deira gjer framgang inne i Bakhmut, ifølge AFP.
Ein russisk fange får vatn av ein ukrainsk soldat ved frontlinja nær Bakhmut.
Foto: RFE/RL/SERHII NUZHNENKO / ReutersEin russisk fange får vatn av ein ukrainsk soldat ved frontlinja nær Bakhmut.
Foto: RFE/RL/SERHII NUZHNENKO / ReutersMoskva erkjenner tilbaketrekking i nord
Russland har ikkje enno svart på informasjonen frå Storbritannia. Men fredag erkjente Moskva at styrkane deira hadde tapt territorium nord for byen.
Det russiske forsvarsdepartementet skreiv i eit utsegn at nokre av styrkane deira hadde trekt seg tilbake til «meir fordelaktige forsvarsposisjonar» ved eit reservoar i nordvest.
Dette er første gongen Russland har innrømt at Ukraina har klart å ta tilbake territorium nær Bakhmut.
Wagner-leiar Jevgenij Prigozjin går hardt ut mot det russiske militæret.
Foto: TelegramUtsegnet kom få timar etter at Kyiv sa at to kilometer hadde blitt gjenerobra kring byen denne veka.
Før krigen hadde Bakhmut omtrent 70.000 innbyggarar. Russland har prøvd å ta byen i over 10 månader.
Sjefen for leigesoldatgruppa Wagner, som leiar det russiske oppdraget om å okkupere byen Bakhmut, skulda russiske styresmakter for å dysse ned situasjonen.
– Forsøk frå forsvarsdepartementet på å rosemåle situasjonen, det fører og vil føre til ei global tragedie for Russland, sa Jevgenij Prigozjin i ein video på sosiale medium.
– På grunn av dette må vi stoppe å lyge med ein gong.
Prigozjin seier også det er det russiske militæret som har ansvaret for at delar av styrkane deira har «flykta» nær Bakhmut.
Ein kaps med det russiske flagget på ligg att på slagmarka.
Foto: RFE/RL/SERHII NUZHNENKO / ReutersEin kaps med det russiske flagget på ligg att på slagmarka.
Foto: RFE/RL/SERHII NUZHNENKO / Reuters«Mindre taktiske rørsler»
Oberstløytnant Palle Ydstebø meiner dei russiske styrkane truleg har flytta på seg til stillingar som er mindre utsette enn dei som blei angripne.
– Det er mindre taktiske rørsler. Om dei er ein del av mindre prøveangrep for å teste ut det russiske forsvaret i forkant av ein offensiv er godt mogleg, men før vi ser noko meir så kan vi ikkje seie at det er det.
Palle Ydstebø er hovudlærar ved Krigsskulen i Forsvaret.
Foto: Terje Pedersen / NTBDersom det er ein fordel for ukrainarane at dei russiske styrkane er konsentrerte ved Bakhmut, kan framrykkinga også vere ein avleiingsmanøver, seier han.
– Dersom Russland framleis ser på Bakhmut som eit viktig mål, og bind styrkar der, så spelar dei rett inn i det Ukraina ønsker.
– Det er nemleg å binde russarane fast i Bakhmut slik at dei blir tvungne til å tynne ut styrkane andre stader, og dermed opnar opp moglegheiter for ukrainske angrep med betre høve til suksess.
Framrykkinga fortel oss altså ingenting om når og kvar den ukrainske offensiven kjem til å skje, konkluderer Ydstebø.
– Kvar Ukraina vil slå til finn vi ut når dei gjer det. Det er svært vanskeleg å seie noko om det no.
Hevdar ukrainsk angrep i okkuperte Luhansk
Moskva hevdar laurdag at Kyiv har brukt britiske langdistansemissil mot sivile mål i okkuperte Luhansk aust i Ukraina, og skada seks barn. Byen ligg kring ti mil bak frontlinja.
Prorussiske separatist-styresmakter i byen meldte fredag at også ein russisk folkevald blei skada i eit ukrainsk rakettangrep, og at to nedlagde fabrikkar blei skada.
Biletet frå fylkesstyresmaktene i Luhansk skal vise røyk etter ein eksplosjon fredag. Det er ikkje verifisert frå uavhengig hald.
Foto: TwitterDette skal dreie seg om Viktor Volodatskij, som er innvald i Dumaen.
– Storm Shadow luft-til-luft-missil, gitt til Kyiv-regimet av Storbritannia, blei brukte i angrepet, trass i London si erklæring om at dei ikkje skulle bli skotne mot sivile mål, seier russiske styresmakter ifølge AFP.
Storbritannia bekrefta tidlegare denne veka at dei har levert kryssarrakettar med ei rekkevidd på 30 mil til ukrainarane.
Påstandane om angrepet har ikkje blitt bekrefta frå uavhengig hald, og ukrainske styresmakter har ikkje kommentert dei.
Den ukrainske kringkastaren Suspilne Donbas siterer innbyggarar på at det har skjedd eksplosjonar i byen, melder NTB.
I ein kort periode laurdag sto det i saka at Russland hadde skulda Ukraina for å drepe seks barn i Luhansk. Dette stemmer ikkje. Dei skuldar Ukraina for å ha skada seks barn i den austlege byen.