Hopp til innhold

Truslar mot SAS sitt reklamebyrå

Politiet etterforskar trussel mot reklamebyrået bak den nye reklamefilmen til SAS.

Bombegruppa til Købehavn politiet i aksjon.

AVSPERRA: Politiet i København søker gjennom området rundt bygningen til det danske reklamebyrået reklamebureauet & Co.

Foto: Ólafur Steinar Rye Gestsson / NTB Scanpix

Politiet i København var torsdag morgon til stades utanfor lokala til reklamebyrået reklamebureauet & Co, som har laga SAS sin nye og kontroversielle reklamevideo.

Dei etterforska ein trussel, skreiv Danmarks Radio. Alle tilsette vart evakuert og bombehundar gjorde søk i bygningen. Trusselen kom via e-post.

Politiet skal ifølgje dansk TV 2 ha fått melding om trusselen omkring klokka 05.00 torsdag morgon.

Administrerande direktør i byrået, Mikael Jørgensen, bekrefta overfor Danmarks radio at der er snakk om ein bombetrussel.

– Eg kan bekrefte at det er ein bombetrussel. Politiet søker gjennom området no. Vi følgjer deira instruksar og korleis situasjonen utviklar seg. Det er sjølvsagt supertrist for våre medarbeidarar, seier han.

Politiet bekrefta og at det var snakk om ein bombetrussel, skriv Jyllands-Posten.

Litt etter klokka 10 torsdag morgon sa politiet i København at dei ikkje visste kor lang tid søket vil ta og at ingen enda var arrestert for truslane.

Bombegruppa til det danske forsvaret undersøkte staden.

Klokka 11.34 melder dansk politi at dei ikkje var funne noko bombe eller noko anna av interesse for etterforskinga.

SAS ønskjer ikkje å kommentere bombetrusselen, skreiv pressesjef John Eckhoff i ei tekstmelding til NRK på torsdag formiddag.

Laster Twitter-innhold

Peiker på «importert» kultur

Den nye reklamen frå SAS skulle vise kva vi tar med oss heim frå våre utanlandsreiser, men enda opp med å provosere mange – og ein storm med kritikk på sosiale medium.

I reklamevideoen som vart fjerna peika flyselskapet på ein rekke typiske ting for Skandinavia, som eigentleg kjem frå andre land:

Demokrati – Hellas

Pappaperm – Tyskland

Skandinaviske vindmøller – Persarriket

Rugbrød – Tyrkia

Smørbrød – Nederland

Svenske kjøttbollar – Tyrkia

Bindersen – Amerika

KONTROVERSIELL: SAS valte å fjerne denne reklamevideoen etter ein storm av kritikk i sosiale medium.

Mistenkjer koordinert storm i sosiale medium

Presseansvarleg i SAS, John Eckhoff, sa til NRK på onsdag at selskapet på bakgrunn av mønster og talet på reaksjonar, mistenkte at stormen mot reklamevideoen i sosiale medium var eit koordinert angrep på kampanjen.

– Vi vil ikkje risikere å bli ein plattform for andres verdiar, som vi ikkje sjølv kan stå for, sa han.

Publiserte redigert utgåve av reklamevideoen

– Vi flyr reisande til og frå Skandinavia og det skaper inspirasjon som er det vi ønsker å vise med denne filmen, sa John Eckhoff presseansvarleg i SAS på onsdag.

I ei pressemelding same dag skreiv flyselskapet at dei ville kome med ein redigert utgåve av reklamevideoen.

– Vi kjem no til å fortsette den planlagde kampanjen ved å publisere ein kortare og tydelegare versjon, skreiv SAS.

Ein 45 sekund lang versjon av videoen vart så publisert på flyselskapet si Facebookside.

NY VERSJON: Her er den nye versjonen SAS publiserte på onsdag.

Saka vert oppdatert.

SISTE NYTT

Siste nytt