Hopp til innhold

Sendte bombetrugslar for å slippe eksamen

Måndag måtte store deler av Harvard-universitetet evakuerast på grunn av ein bombetrugsel. No viser det seg at det var ein 20 år gamal Harvard-student som grua til eksamenen som sende inn bombetrugselen.

USA-HARVARD/EXPLOSIVES State and local police respond to reports of explosives at Harvard University in Cambridge

Store politistyrkar måtte til då bombealarmen gjekk midt i eksamenskaoset ved Harvard universitet i går.

Foto: DOMINICK REUTER / Reuters

Annenberg Hall på Harvard-universitetet

Dei mange studentane som vart evakuerte frå lesesalar og eksamenslokale søkte tilflukt her, i Annenberg Hall, etter at bombealarmen gjekk.

Foto: THE HARVARD CRIMSON / Reuters

Eldo Kim heiter den unge studenten som etter planen skulle ha eksamen før jul, slik også mange norske studentar har hatt dei siste vekene. Men sjølv om Kim har klart å kome seg inn på psykologistudiet ved eit av verdas mest prestisjetunge universitetet, så er ikkje alt like greitt.

Evakuerte ut i vinterkulda

For Kim må ha grua seg mykje til eksamenen, sidan han sende inn bombetrugslar til universitetet per e-post. CNN er blant dei mange som har fortalt om saka, og TV-kanalen skriv om e-postar med emnetittel "Bomber plassert ut på campus".

Det heile enda med at tusenvis av studentar umiddelbart vart evakuerte, og måtte stå ute i den iskalde vinterkulda i Massachusetts, medan lokala der bombene skulle vere sett ut vart undersøkt. Men det vart, sjølvsagt, ikkje funne nokre bomber, og universitetsleiinga mistenkte raskt at dette var falske trugslar.

– Bygningane vert evakuerte for tryggleikens skuld. Eg er letta over å kunne rapportere om at ingen mistenkelege gjenstandar er funne, uttalte universitetets visepresident, Katie Lapp, rett etter hendinga.

Tabba seg ut

Kim lukkast med å unngå eksamenen, som vart kansellert, men vart fort avslørt på grunn av ein tabbe han hadde gjort.

Kim hadde velt å nytte seg av eit produkt som kan opprette falske IP-adresser, slik at identiteten til sendaren av e-posten er anonym. Men sidan Kim hadde logga seg på dette programmet på skulen sitt eige trådlause nettverk kort tid før e-postane vart sende, så vart han avslørt, og han har også innrømt brotsverket.

No må Kim stille for retten, skulda for å sende elektroniske trugslar, og den unge psykologistudenten risikerer ei bot på 1,5 millionar kroner. Om så skulle skje, så er spørsmålet om Kim synest det var verdt å unngå eksamenen for ein og ein halv million kroner?

SISTE NYTT

Siste nytt