Dødstala er høgare enn på mange år.
Tala frå BBC inkluderer både sivile, væpna angriparar og soldatar som er drepne i konfrontasjonar.
Dei aller fleste av dei drepne palestinarane er skotne av israelske soldatar.
– Nærmar seg kokepunktet
FNs utsending til regionen, Tor Wennesland, åtvarar om at den israelsk-palestinske konflikten og den ulovlege israelske okkupasjonen «igjen nærmar seg kokepunktet».
Denne veka vart fire palestinarar drepne i ulike landsbyar på den okkuperte Vestbreidda, i konfrontasjonar med israelske styrkar.
BBC skriv at israelske tryggingsstyrkar tysdag rykte in i landsbyen al-Mughayyir etter å ha varsla at dei ville rive eit hus som skal ha vore ulovleg bygd.
Video frå staden viser ei gruppe menn og gutar som kastar stein mot dei israelske soldatane.
To skot blir høyrde.
Raed al-Naasan (21) søkk saman.
Død.
Gravferda til 21 år gamle Raed al-Naasan som vart drepen i konfrontasjon med israelske tryggingsstyrkar i landsbyen al-Mughayir, nord for Ramallah.
Foto: Nasser Nasser / APDen israelske hæren seier at dei skaut mot ein person som kasta ei bensinbombe mot dei. Men videoopptak tyder på at dette ikkje stemmer, skriv BBC.
Dei har sett ein video som viser at al-Naasan plukkar opp steinar og kastar dei mot israelarar som ikkje er synlege i bildet. Ingen kastar brannbomber på videoen.
Al-Naasan står framfor familien sitt hus med steinar i hendene når dei to skota fell. Det andre skotet er truleg det som tar livet av han.
Ein ambulansearbeidar som var i nærleiken seier til BBC at ingen kasta brannbomber.
Fleire andre augevitne som BBC har snakka med, fortel det same.
Den israelske hæren held fast på at soldatane vart møtt av valdelege opprørarar, og at den drepne 21-åringen var mellom dei.
– Overdriven hard maktbruk
Den israelske menneskerettsgruppa B'Tselem som har granska dødsfallet til Raed al-Naasan, seier at mange av sakene dei har granska i år, viser «overdriven hard maktbruk» frå israelsk side.
Dror Sadot frå gruppa seier 2022 har vore eit ekstremt år når det gjeld palestinske dødsoffer.
Den israelske hæren opplyser at dei greip inn for å stanse valdelege opprørarar, og at hendinga blir granska.
Sane dagen vart ein israelsk soldat alvorleg skadd då ein palestinsk mann køyrde bilen sin inn i henne på ein annan stad på Vestbreidda. Mannen vart skoten og drepen av andre soldatar.
Dei israelske tryggingsstyrkane leiter framleis etter gjerningsmennene som sto bak to bombeangrep mot to busshaldeplassar i Jerusalem sist veke. To israelarar vart drepne i det angrepet.