Bad om orsaking for "Bloody Sunday"

- Det er ikkje mogleg å forsvare det som skjedde i Londonderry 31. januar 1972, sa statsminister David Cameron då han presenterte ein ny granskingsrapport i parlamentet i dag.

Video Ber om orsaking for "Bloody Sunday"

VIDEO: David Cameron ber om orsaking i parlamentet.

Cameron presenterte ein ny granskingsrapport i parlamentet i London i dag, og var klar på at det som skjedde på den blodige søndagen var dei britiske styrkane sin feil.

- Miste sjølvkontrollen

- Folk i dei væpna styrkane våre handla feil, sa han. Han gjorde det klart at nokre av fallskjermsoldatane hadde mist sjølvkontrollen då dei byrja å skyte på demonstrantane i Londonderry.

Cameron sa at han på vegner av den britiske regjeringa, og det britiske folk, var djupt lei seg for det som skjedde.

14 menneske vart drepne då britiske soldatar opna eld mot ei gruppe demonstrantar denne januardagen i 1972. Dagen har fått namnet «Bloody Sunday», og har vore eit ope sår i forholdet mellom den britiske regjeringa og innbyggjarane i dei katolske delane av Nord-Irland.

Se video av reaksjonene til rapporten her:

Video Reaksjoner på "Bloody Sønday" rapport

- Skaut utan varsel

Her er nokre av dei viktigaste punkta i rapporten:

  • Soldatane varsla ikkje demonstrantane om at dei kom til å skyte.
  • Ingen av soldatane skaut som svar på angrep med bensinbomber eller steinkasting.
  • Ein del av dei drepne og såra vart skotne under flukt, og andre igjen medan dei prøvde å hjelpe andre som var skotne.
  • Ingen av dei som vart skotne utgjorde nokon trussel mot soldatane.
  • Mange av soldatane gav falsk forklaring som det som hadde skjedd i etterkant.

LES OGSÅ: Fikk endelig svar om Bloody Sunday

LES OGSÅ: Den blodige søndagen i 1972

Klar konklusjon

David Cameron gjorde det klart at det ikkje er nokon tvil om konklusjonen i den 5000 sider store rapporten.

- Det er ingen tvil. Det er ikkje noko her som kan tolkast på fleire måtar. Det som hende "Bloody Sunday" er umogleg å forsvare. Det var feil, og det skulle aldri ha skjedd, sa ein kjensleladd David Cameron i talen sin til parlamentet, som starta klokka 16.30.

Det vart fyrt av 108 skot i løpet av 20 minutt. 13 av demonstrantane døydde momentant, medan den fjortande døydde av skadane nokre månader seinare.

Hæren har tidlegare stått fast på at dei som vart skotne var væpna, og at soldatane berre svarte på eit angrep. Detnne påstanden er no lagt endeleg død.

Det har teke 12 år å få ferdig rapporten. Det var tidlegare statsminister Tony Blair som tok initiativet til ei ny gransking.

Jubel i Londonderry

Talen til Cameron vart overført direkte via storskjerm til torget i Londonderry der dei 13 vart drepne i 1972. Det braut ut spontan jubel då Cameron bad om orsaking. Slektningane til dei som vart drepne denne dagen seier at det betyr mykje for dei at rapporten no har slått fast at dei som vart drepne var uskuldige.

Kate Nash miste den då 19 år gamle broren sin i skytinga på "Bloody Sunday". I dag heldt ho tale på staden der broren vart drepen for over 38 år sidan.

- Løgna som vart fortalt for neste fire tiår sidan er no avslørt. Vi har visst at broren min var uskuldig. No veit heile verda det, sa ho til stor jubel frå dei fleire tusen frammøtte.

Orsakinga frå den britiske regjeringa vart møtte med jubel i Londonderry.

Orsakinga frå den britiske regjeringa vart møtte med jubel i Londonderry.

Foto: PETER MUHLY / Afp

Presidentvalget kort forklart

3. november 2020 velger USA sin neste president. President Donald Trump stiller til gjenvalg for Republikanerne. Joe Biden stiller som presidentkandidat for Demokratene. Rekordmange amerikanere stemmer via post i år, og vi vet ikke når resultatet blir klart. Trump sier han ikke stoler på poststemmene. Samtidig mener Demokratene at man skal bruke lenger tid enn vanlig på å telle opp nettopp disse. Mange frykter kaos i ukene etter valget. Hva skjer om Trump ikke aksepterer et nederlag?
Grupper som Proud boys og Antifa har fått mye oppmerksomhet den siste tiden. Den ekstremistiske hatgruppen Proud boys jublet da president Donald Trump sa «stand back and stand by» i den første presidentdebatten. Samtidig forbereder Boogaloo bois seg på borgerkrig, mens medlemmer av Antifa på venstresiden er villige til å bruke vold i kampen mot rasister og fascister. Kan valget utløse en krig mellom disse gruppene? Og er de farlige?
3. november 2020 velger amerikanerne sin neste president. Donald Trump stiller til gjenvalg for Republikanerne. Joe Biden stiller som presidentkandidat for Demokratene. Ved forrige presidentvalg vant Trump til tross for at Hillary Clinton fikk flest stemmer. Hvordan kan det skje? Her er to ting du må vite for å forstå USA-valget.

SISTE NYTT

Siste nytt