Hopp til innhold

Åtvaring til synagogar i Chicago

Fleire synagogar i Chicago-området er åtvara om ein tryggingstrussel i samband med funn av pakkar med eksplosiv frå Jemen.

Eit UPS-fly på flyplassen i Pennsylvania.

Fleire UPS-fly vart gjennomsøkte i dag, her frå flyplassen i Pennsylvania.

Foto: Matt Rourke / Ap

- Vi fekk vite at synagogane skulle vere i beredskap. Vi tek våre forholdsreglar, og vi råder alle lokale synagogar til å gjere det same, seier Linda Haase, visepresident i den jødiske foreininga i Chicago.

Begge dei to pakkane som no blir undersøkte skal ha vore adresserte til jødiske religiøse institusjonar i Chicago.

LES OGSÅ: Terroralarm etter funn av mystiske pakkar

Dei mistenkjelege pakkake er funne i eit fly frå Jemen på veg til Chicago og i eit fly på flyplassen i Dubai.

Det er hittil ikkje slått fast at det var eksplosiv i pakkane, men dei blir undersøkte vidare.

Amerikanske styresmakter har peika på Al Qaida på den arabiske halvøya som mogleg sendar av dei mystiske pakkane.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.