NRK Meny
Normal

– Angrepet er statsterrorisme

Den tyrkiske statsministeren Recap Tayyip Erdogan klagar Israel for statsterrorisme etter aksjonen i dag tidleg.

Den tyrkiske statsministeren Tayyip Erdogan på flyplassen i Chile

Den tyrkiske statsministeren Tayyip Erdogan på flyplassen i Santiago, hovudstaden i Chile.

Foto: ARIEL MARINKOVIC / Afp

– Handlinga er ei total motsetning til prinsippa om internasjonale lover. Dette er umenneskeleg statsterrorisme. Ingen må tru at vi vil teie om dette, seier Erdogan til chilenske reporterar på sitt besøk i Latin-Amerika.

– Eg vil fortelje heile verda, statsoverhovud og regjeringar at skipa som reiste frå Tyrkia og andre land var nøye undersøkte og hadde berre humanitær hjelp i lasta, seier Erdogan, som sette seg på flyet heim då han fekk høyre om hendinga.

– Har tapt all legitimitet

Tyrkias utenriksminister Ahmet Davatoglu

Utanriksminister Ahmet Davatoglu meiner Israel har tapt all internasjonal legitimitet etter angrepet.

Foto: Louis Lanzano / Ap

Erdogan seier vidare at skipa hadde heist kvite flagg og at det ikkje var andre enn sivile om bord i skipa. Utanriksminister Ahmet Davatoglu meiner Israel har tapt all internasjonal legitimitet etter angrepet.

– Ein stat som gjer slike kriminelle handlingar har tapt all legitimitet i det internasjonale samfunnet, seier Davatolgu til tryggingsrådet i FN måndag kveld.

Krisemøte i NATO

Tyrkiske demonstrantar held flagget høgt etter det israelske angrepet

Tyrkiske demonstrantar held flagget høgt etter det israelske angrepet.

Foto: FRANCOIS LENOIR / Reuters

Tyrkia seier dei vil kople inn NATO etter angrepet mot eit tyrkisk skip på veg til Gaza, som tok livet av minst ni personar.

– Vi vil også kalle inn NATO til eit møte om denne hendiga som skjedde i internasjonalt farvatn, seier Erdogan som kortar ned sitt besøk i Latin-Amerika.

NATO-talsmann James Appathurai stadfestar at NATO-ambassadørane vil halde krisemøte tysdag.

– Må gjere alt i vår makt

Den tyske statsministeren Angela Merkel har i dag ringt sine kollegaer Erdogan og israelske Benjamin Netanyahu, der ho uttrykte si uro for situasjonen, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

– Vi må gjere alt i vår makt i denne vanskelege situasjonen omkring det dødelege angrepet, for å sikre at det ikkje blir ei opptrapping, seier Merkel.

Ein talsmann for den tyske regjeringa sa tidlegare i dag at alle tyske regjeringar alltid har støtta at Israel har rett til å forsvare seg, men at denne retten må vere innanfor rimelege grenser.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt