33 drepne i massakre i USA

- Kvifor blei vi ikkje evakuerte før, undrar norske Oddbjørn Hestnes, som er programmerer ved universitetet Virginia Tech.

Massakre på universitet i Virginia i USA
Foto: Alan Kim / AP

- Det gjekk to timar fra den fyrste skyteepisoden til den andre. Kvifor blei vi ikkje evakuerte? Etter den fyrste skytinga trudde vi ikkje det var så alvorleg, ellers gjekk vi ut fra at dei hadde varsla oss og evakuert alle, sier Hestnes til NRK.

Direktøren ved universitetet, Charles Steger, seier seint i kveld at det er 33 stadfesta drepne, gjerningsmannen inkludert.

Sjefen for for politiet ved universitetet, Wendell Flinchum, sa tidlegare i kveld at minst 20 er drepne, og at drapsmannen er blant dei døde.

Politiet veit ikkje om mannen som skaut var student ved universitetet, men stadfestar at mange av offera var studentar. Politiet opplyser at gjerningsmannen tok sitt eige liv.

Tre norske studentar

Utanriksdepartementet seier at dei kjenner til  tre norske studentar ved universitetet. Dei har vore i kontakt med to av dei, og , og at ingen av dei var involverte i det som skjedde.

Seint i kveld prøver UD å få kontakt med ei norsk kvinne som studerer ved Virginia Tech. Ved sidan av dei tre studentane er det også to norske tilsette ved universitetet, og dei har det også bra.

UD kan ikkje utelukke at det er fleire norske ved universitetet, men ved 22-tida var det ikkje registrert telefonar frå uroa pårørande.

 

Politiet brukte armerte køyrety inne på universitetsområdet.
Foto: Don Petersen / AP

Politisjef Flinchum kan ikkje seie noko om bakgrunnen for skytedramaet, men han seier at fleire vart drepne inne i eit undervisningsrom. 

Det kan ha vore to drapsmenn inne på universitetsområdet. Politiet har mistanke om ein desperado nummer to kan ha skote seg sjølv. Den første skal vere drepen av politiet. Dette er likevel svært uklart, fleire kjelder i politiet seier dei er sikre på at det er berre ein drapsmann.

Augevitne kan fortelje om forferdelege scener inne på universitetsområdet. Ein student kan fortelje at fleire menneske vart stilde opp på ei rekkje og så skotne. Andre kan fortelje om studentar som hoppa ut gjennom vindauge i fjerde etasje for å kome unna massakren.

Enorm tragedie

Direktøren ved universitetet Virginia Tech, Charles Steger, kallar det som har skjedd ein tragedie av enorme dimensjonar.

 

Politiet gjer seg klar til å gå inn i området.
Foto: Don Petersen / AP

Det heile starta med ein skyteepisode inne på eit hybelhus som tilhøyrer universitetet. Her skal folk ha hoppa ut av vindauga for å sleppe unna skytinga.

Om lag to timar seinare var det ein ny skyteepisode ine på eit undervisningsbygg for ingeniørfag. Her vart fleire skotne i eit eller fleire klasserom, og politiet opplyser at det var her dei fleste vart drepne.

Fjernsynsbilete viser store politistyrkar inne på universitetsområdet. Det er lett snøfall i området i dag.

Stort universitet

Det er 26.000 studentar ved Virginia Polytechnic Institute and State University, som ligg i den vesle byen Blacksburg i det vestlege Virginia, 390 kilometer frå den amerikanske hovudstaden Washington.

Dramaet skjer berre få dagar før åtteårsdagen for skytedramaet på Columbine High i Littleton Colorado, der 15 menneske vart drepne av to studentar.

Dette er den verste skyteepisoden på eit amerikansk universitet eller skule nokon gong. I 1966 vart 15 drepne og 31 såra då ein mann skaut på studentar og tilsette ved University of Texas i Austin.

 

 

Skytedrama på Virginia tech
Foto: NRK

 

 

Skytedrama på Virginia Tech, minst 20 drepne.

 

Minst 20 drepne i massakre på universitet i Virginia
Foto: CNN / AP

SISTE NYTT

Siste nytt