Hopp til innhold

20-åring mistenkt etter bilangrep Virginia

Ein 20 år gammal mann er arrestert etter bilangrepet i Virginia. Ei kvinne (32) vart drepen i hendinga.

Bil kjører inn i folkemengde i Virginia

BRUTALT: Folk vart kasta i været då bilen køyrde inn i folkemengda.

Foto: Ryan M. Kelly / AP

Ein 20 år gammal mann er arrestert etter at ein bil køyrde inn i ein folkemengde i Charlottesville i Virginia laurdag, melder CNN.

Mannen, som ifølgje CNN heiter James Alex Fields Jr. og er fra Ohio, har status som mistenkt i saka.

Bilen køyrde ned demonstrantar som protesterte mot at kvite nasjonalistar er i byen på det det høgreekstreme stemnet «Unite the Right».

Bilete og video frå staden viser folk som blir kasta i været når bilen køyrer inn i folkemengda.

Augevitnet Matt Korbon (22) seier til nyheitsbyrået AP at han såg ein sølvgrå bil smelle inn i ein annan bil, før han pløydde gjennom «eit hav av menneske».

Bilen som skal ha angrepet demonstranter i Charlottesville

RYGGER VEKK: Her rykker bilen tilbake i høy fart etter at den køyrde ned demonstrantane.

Foto: SOCIAL MEDIA / Reuters

Ei 32 år gamal kvinne vart drepen, og 19 andre menneske vart såra i angrepet.

Også det føderale politiet FBI seier natt til søndag at de vil etterforske hendinga.

Det har vakt kraftige reaksjonar at høgreekstreme ville samlast i den vesle universitetsbyen. Politiet har venta at mellom 2000 og 6000 menneske ville delta på samlingen.

Organisasjonen Southern Poverty Law Center, som seier den overvaker ekstremistgrupper, skildrar samlingen som den «største hat-samlinga i sitt slag på fleire tiår i USA».

Styresmaktene i byen har innført ein lokal unntakstilstand etter hendinga.

Sørgende tenner lys for ofrene i Charlottesville

TENTE LYS: Sørgande i Charlottesville tente lys for ofra i Charlottesville i natt.

Foto: WIN MCNAMEE / AFP

Trump: – Fordømmer hatet

USAs president Donald Trump sa i ein tale laurdag kveld at han fordømmer valden og hatet «på mange sider», men han vil ikkje følgje politikarar frå båe sider som fordømmer synet til dei kvite nasjonalistane som er samla denne helga.

Han får kritikk på sosiale medium for å vera utydeleg og ikkje ta klar avstand frå høgreekstremisme.

Laster Twitter-innhold

Skjedde etter tidligare konfrontasjonar

Femten menneske er skadd i konfrontasjonar mellom høgreekstreme og motdemonstrantar tidlegare på dagen laurdag, ifølgje lokalt politi.

Skadane er alvorlege, men ikkje livstruande. Folk har slåss, kasta flasker og brukt kjemiske sprayar. Fleire vart arresterte.

Eit politihelikopter styrta rundt ti kilometer unna opptøyane, men politiet skildrar denne hendinga som ein ulykke, ifølgje ABC News.

Laster Twitter-innhold
A man is pulled on after falling on the pavement during a clash between members of white nationalist protesters against a group of counter-protesters in Charlottesville

VALDELEGE OPPTØYAR: Videoen viser korleis høgreekstreme nasjonalistar og motdemontrantar brakar saman.

«Blood and soil»

Konfrontasjonane mellom dei høgreekstreme og motdemonstrantane skjedde etter at ei stor gruppe kvite nasjonalistar marsjerte med faklar gjennom området til University of Virginia fredag kveld.

Hundrevis av menneske messa «blood and soil», som viser til den nazistiske ideologien «Blut und Boden». Ifølgje dette synet skal «blod og jord» danne livsgrunnlaget til mennesket gjennom slekt og territorium.

Gruppa forlét området etter at politiet kom og erklærte samlinga for ulovleg.

White nationalists carry torches on the grounds of the University of Virginia, on the eve of a planned Unite The Right rally in Charlottesville

DEMONSTRERTE MED FAKLAR: Fredag kveld samla ei gruppe kvite nasjonalistar seg på universitetsområdet i Charlottesville.

Foto: Stringer / Reuters

Har vorte ein hovudstad for nasjonalisme

Grunnen til at Charlottesville har vorte ein ideell proteststad for nasjonalistar, heng saman med eit vedtak byrådet gjorde i april.

Da bestemte dei seg for å fjerne ei bronsestatue av sørstatsgeneralen Robert E. Lee. Dette var eitt av fleire steg byen gjorde for å redusere arven frå konføderasjonstida.

«Heile dette samfunnet er langt ute på venstresida, og har absorbert kulturelle marxistiske prinsipp i universitetsbyar i heile landet. Det handlar om å skulde alt på kvite menneske», seier Jason Kessler, som har organisert «Unite the Rigth»-samlinga.

Byen har hatt fleire ekstreme samlingar denne sommaren. Kessler arrangerte ein liknande demonstrasjon i mai, medan medlemmar i Ku Klux Klan demonstrerte mot vedtaket om å fjerne statuen av Lee i juli.

Ku Klux Klan

SØRSTATSFLAGG: Eit medlem i Ku Klux Klan held eit sørstatsflagg framfor ansiktet. 8. juli samla ei gruppe høgreekstreme seg i Charlottesville for å demonstrere mot at sørstatsmonument blir fjerna.

Foto: Andrew Caballero-reynolds / AFP

Skal ha endra større samlingar

Jason Kessler seier at desse arrangementa har «opna såret og stukke ein finger på nerven til innbyggjarane som ikkje greier å koma over valet av Donald Trump».

Kessler seier òg at han planlegg større og større samlingar i Charlottesville.

Ifølgje Southern Poverty Law Center er Kessler ein nykommar på den kvite nasjonalistiske scena. Han fekk mykje merksemd da han i november i fjor forsøkte å avsetja Charlottesvilles einaste svarte bystyremedlem, Wes Bellamy.

Han har òg status som ein brubyggjar mellom ein guvernørkandidat og den høgreekstreme rørsla.