Hopp til innhold

Landesorg i Portugal – 16 døde i kabeltrikkulykke

I Portugal har styresmaktene erklært landesorg torsdag. Arbeidarar har sendt inn fleire klagar på vedlikehaldet av kabeltrikken.

Vraket av kabeltrikken i en gate i mørket

ØYDELAGD: Kabeltrikken ligg igjen i sentrum. Alle dei skadde er frakta vekk frå staden, ifølge politiet.

Foto: PEDRO ROCHA / Reuters / NTB

Portugal er i sjokk etter kabeltrikkulykka onsdag.

Kabeltrikken var heilt ute av kontroll før krasjen, skildrar eit vitne:

– Så trefte han ei bygning med brutal kraft før han klappa saman som ei pappeske, seier Teresa d'Avó til avisa Sic.

Det er førebels ikkje kjent kva som førte til ulukka. Avisa Observador får opplyst at det skuldast ein kabel som losna, men det er ikkje stadfesta frå offisielle kjelder.

Torsdag steg talet på døde etter ulykka frå 15 til 16 personar. 21 er skadde, og tilstanden skal vere kritisk for fleire av dei.

Klagar på vedlikehaldet

Ifølge ein fagforeiningsleiar har arbeidarar sendt inn fleire klagar på vedlikehaldet av kabeltrikken.

– Arbeidarar har lenge rapportert at vedlikehaldet av desse trikkane må verta førte tilbake til Carris-arbeidarane, og ikkje overførast til eksterne selskap, slik dei har gjort med Glória-trikken, seier Manuel Leal til nyheitsbyrået Lusa, ifølge avisa JN.

Carris-sjef Bogas stadfestar at vedlikehaldet av kabeltrikken har vore gjort av eit eksternt selskap dei siste 14 åra, skriv CNN Portugal.

– Me må finna ut kva som har skjedd, seier han ifølge BBC.

– Aldri opplevd før

– Det er ei tragedie. Lisboa er i sorg, dette er ein situasjon me aldri har opplevd før.

Det seier ordførar Carlos Moedas til CNN Portugal. Han har førebels ikkje kommentert talet på omkomne.

Ordføraren rosar samstundes naudetatane for arbeidet deira, og seier at dei var på staden berre tre minutt etter at meldinga kom inn.

– Diverre er dette svært alvorleg. Det er ei ulukke som ikkje burde ha skjedd.

En mann med alvorlig ansiktsuttrykk, foran ham flere hender som holder fram mikrofoner

Ordførar Carlos Moedas møtte media på staden.

Foto: PATRICIA DE MELO MOREIRA / AFP / NTB

Utlendingar blant dei omkomne

Naudetatane seier at det er både portugisarar og utlendingar blant dei omkomne, men at dei ikkje kan seia noko om nasjonalitet enno, skriv BBC.

Ifølge Corregio de Manhâ er ein tilsett på kabeltrikken blant dei omkomne.

Utanriksdepartementet har førebels ikkje opplysingar om at nordmenn er blant dei råka.

Det seier kommunikasjonsrådgjevar Guri Solberg til NTB.

Internasjonale leiarar kondolerer

Fleire internasjonale leiarar har skrevet kondolansar i sosiale medium etter kabeltrikk-ulykka i Lisboa onsdag kveld.

Blant dei er FNs generalsekretær António Guterres, Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj, Frankrikes president Emmanuel Macron og EU-kommisjonens leder Ursula von der Leyen.

En gruppe mennesker på en brannbil

Det er store skadar på kabeltrikken.

Foto: Armando Franca / AP / NTB

Fleire frakta til sjukehus

I tillegg til dei omkomne er fleire skadde. Tidlegare melde politiet at fleire personar var fastklemde på staden.

18 personar er frakta til sjukehus, seier ein talsperson for naudetatane ifølge BBC. Ifølge avisa Expresso er minst fem av dei alvorleg skadde.

Regjeringa seier dei overvakar situasjonen og at dei koordinerer arbeidet med lokale styresmakter.

– Presidenten uttrykker si medkjensle og solidaritet med familiane som er råka av denne tragedien, og han vonar at hendinga vert raskt oppklart av dei relevante styresmaktene, heiter det i ei utsegn.

Veit ikkje årsak

Det er førebels ikkje kjent kva som førte til ulukka. Avisa Observador får opplyst at det skuldast ein kabel som losna, men det er ikkje stadfesta frå offisielle kjelder.

Havarikommisjonen i landet stadfestar til nyheitsbyrået Lusa at dei har opna etterforsking av ulukka, ifølge CNN Portugal. Det vil òg statsadvokaten gjera, ifølge Sic.

Ødelagt kabeltrikk i en gate, nødetater og kriminalteknikere rundt

Kriminalteknikarar var på staden onsdag kveld.

Foto: PEDRO ROCHA / Reuters / NTB

Carris driftar kabeltrikken og seier at han sist vart reparert i 2024.

Dei seier òg at alle vedlikehaldsprogram har vorte fylgde, skriv CNN.

– Dette er ein veldig trist dag. Ikkje berre for offera, men òg for familiane deira. Me er veldig lei oss for det som har skjedd.

Det seier Carris-sjef Pedro Bogas til media på staden.

En mann i dress med alvorlig ansiktsuttrykk, hender holder fram mikrofoner foran ham

Carris-sjef Pedro Bogas seier selskapet vil etterforska ulukka.

Foto: PEDRO ROCHA / Reuters / NTB

Populær turistattraksjon

Kabeltrikken Glória er ein av dei mest kjende turistattraksjonane i Lisboa.

Han går gjennom sentrum av byen og kan frakta opp til 42 personar.

en gruppe mennesker som venter på et tog

Glória er ein av dei mest kjende turistattraksjonane i byen.

Foto: PATRICIA DE MELO MOREIRA / AFP / NTB

Kabeltrikken har vore i drift sidan 1885, ifølge CM.

Interessert i meir utanriksstoff? Høyr utanriksredaksjonens podkast:

SISTE NYTT

Siste meldinger