
Sjeik Omar Bakri trur eit fleirtal av britiske muslimar støttar Al Qaida. (Foto: AP/Scanpix)
Det er 1,6 millionar muslimar i Storbritannia.
Meiningsmålinga, som er utført av instittuttet ICM, viser at 80 prosent av britiske muslimar er motstandarar av krigen i Irak. Berre 10 prosent meiner det var rett å gå til krig for å fjerne Saddam Hussein.
Sviktar Blair
Målinga viser osgå at statsminister Tony Blair si støtte blant britiske muslimar er kraftig redusert. Ved valet i 2001 hadde han støtte frå 75 prosent av dei britiske muslimane. No har han støtte berre frå 38 prosent av denne gruppa.
13 prosent av dei spurde i målinga seier altså at dei støttar Al Qaida-angrep mot USA. Nesten halvparten av muslsimane i Storbritannia seier at dei ville ha vurdert å delta i sjølvmordsangrep, dersom dei var palestinarar, skriv den engelske avisa The Guardian.
73 prosent av britiske muslimar er motstandarar av eit terorangrep mot USA. 1500 britiske muslimar deltok i undersøkinga.
Overraska
Generalsekretæren i Det muslimske råd, Iqbal Sacranie, seier i ein kommentar at han er overraska over at så mange meiner det er rett med terrorangrep mot USA.
Han understrekar at målilnga vart gjenomført før terrorangepet i Madrid, men peikte samstundes på at msuslimane er endå meir frustrerte over regjeringa sin Irak-politikk enn resten av det britiske folk.
Fleirtal
Ein ytterleggåande islamsk leiar i Storbritannia, sjeik Omar Bakri, seier på si side at at fleirtal av muslimane i landet støttar Al Qaida. Årsaka til at berre 13 prosent seier dei støttar terror mot USA, er at dei nye antiterrorlovene gjer at muslimar er redde for å seie det dei meiner, seier han.