Hopp til innhold

- Må røyke marihuanaen rein

På hasjkaféane i Amsterdam kan du røyke hasj og marihuana lovleg, men snart bryter du lova hvis du tenner deg ein sigarett.

Jason den Enting

MOTSATT: Her leitar dei etter sigaretten i marihuanaen. Alt er motsatt, seier Jason den Enting som driv ein hasjkafé.

Nett-TV: Hasjrøyk i Amsterdam

Frå 1. juli blir det forbode å røyke tobakk i pubar og på kafear i Nederland, og røykelova kan også ramme dei populære hasjkaféane i Amsterdam. Hasjkaféane har lov til å selje både marihuana og hasj over disken, men det blir forbode med tobakk.

Det betyr at kundane må røyke marihuanaen rein, utan å blande den ut med tobakk.

Alt er motsatt

- I andre land leitar dei etter spor av marihuana i sigaretten. Her leitar dei etter sigaretten i marihuanaen. Alt er motsatt, seier Jason den Enting som driv ein hasjkafé.

Byens coffeeshop-eigarar har protestert mot vedtaket og meiner forbodet blir umogeleg å handheve. Mange eigarar fryktar for framtida og prøver no å kvitte seg med kaféane i all hast.

SISTE NYTT

Siste meldinger