Laurdagens protestaksjonar gav klar tale. -”Islendingar samstaða (islendingar stå saman) var oppfordringa frå talarstolen.
Protestaksjonen brer no om seg på Island.
17 år er nok
Det er fyrst og fremst sjølvstendepartiet, dei konservative (Sjàlfstæðisflokkins) som får motbør.
Opposisjonen og folk i gata hevdar partiet styrer det meste på Island. Partiet har vore i regjering dei siste sytten åra.
Tidlegare statsminister David Oddson sit i dag som sentralbanksjef.
LES OGSÅ:
- Dei har styrt for lenge. Dei fortel oss heller ikkje kva som er sanninga. Difor krev vi endring, seier Kolfinna Baldvinsdottir, ei av eldsjelene bak protestaksjonen.
- Vi vil ha nye politikarar i toppen. Nokon som kan brette opp armane og ta oss igjennom denne krisa.
Stendur Ottor Fredriksson trur det vil bli endring av makta på Island. – Statsminister Geir Haarde kjem til å gå. Berre vent, etter dette har han ikkje mange dagar att!
Foto: Øyvind Andre Haram / NRKBlir fleire
Laurdagens protestaksjon samla minst fem tusen, ifølgje aksjonistane.
Dette er tredje laurdag på rad at islendingar tek til motmæle i Reykjavik si hovudgate.
- Vi har og fått meldingar om at det har vore aksjonar og protestar andre stader på Island. Eg trur at det endeleg går opp for folk kor alvorleg dette er, seier Kolfinna.
- De hevdar fem tusen, medan politiet seier like over tusen aksjonistar?
- Det er typisk at politiet reduserer talet. Det gjorde dei og sist laurdag. Då meinte dei at det var tre hundre, utanlandske journalistar og våre eigne folk talde tre tusen. I dag har vi hatt folk på taket av bygningane her som har tatt bilete og fått klare indikasjonar på at det er langt fleire.
Frå venstresida
Sidan høgresida har hatt makta, er det fyrst og fremst venstrefløya på Island som no reagerer.
Den siste meiningsmålinga syner og at SV sitt systerparti på Island, Venstri Grenna, kraftig aukar si oppslutning.
I september var oppslutninga 16 prosent, medan fredag var den 27.
Geir Haarde og sjølvstendepartiet går 11 prosentpoeng tilbake, frå 37 til 26, på meiningsmålinga gjort for islandsk kringkasting, Ruv.
- Meiningsmålingane og protestane seier sitt. Eg trur Geir Haarde sine dagar er omme på Island, hevdar ein av dei mange aksjonistane, Stendur Ottor Fredriksson.
Statsminister Geir Haarde får passet påskrive av islandske demonstrantar.
Foto: Øyvind Andre Haram / NRK