Hopp til innhold

Dette går pengane frå TV-aksjonen til i år

Pengane frå TV-aksjonen 2019 går til Care Norge som skal skape eit betre liv for kvinner i nokre av dei mest sårbare områda i verda.

Robert Stoltenberg i Myanmar

Robert Stoltenberg besøkte Care sitt arbeid i Myanmar.

Foto: Camilla Øyen Langfeldt / NRK

I utviklingsland er berre éin av ti landeigarar kvinner, og i 104 land er det framleis lovar som forbyr kvinner å ta enkelte jobbar. I tillegg avgrensar sosiale normer i mange land moglegheitene kvinner og unge jenter har.

Færre kvinner får gå på skule, dei tener mindre og det er sjeldnare at dei eig land enn menn. Kvinner har òg mindre sjanse til å få ei eigen inntekt, og dei blir oftare utsette for vald i heimen, på arbeidsstaden og elles i samfunnet.

Det skal TV-aksjonen i år endre for minst 400.000 kvinner.

Pengane frå årets TV-aksjon vil gjere at kvinner får moglegheita til å skape eit betre liv for seg sjølv og familien sin.

Pengane frå TV-aksjonen blir delte på tre hovudområde.

1. Hennar pengar – hennar moglegheiter

TV-aksjonen skal hjelpe kvinner med å skape sin eigen arbeidsstad og si eiga inntekt.

Meir enn 300.000 kvinner får moglegheit til å bli med i ei spare- og lånegruppe. Care kjem òg til å gje kvinner opplæring i å leie desse gruppene. Kvinner skal få tilgang til banktenester, og Care skal løfte fram kvinnelege entreprenørar.

2. Hennar kropp – hennar val

Kvinner skal ha rett til å bestemme over sin eigen kropp. Dei skal ha rett til å seie ja og nei.

Med midla frå TV-aksjonen skal kvinner få opplæring i seksuell helse og helse for mødrer. Care jobbar for at kvinner skal ha kunnskap til sjølv å velje om og når dei ønsker å få barn, og kor mange barn dei ønsker å få.

Eit anna viktig tiltak i årets TV-aksjon, er å engasjere over 10.000 menn for å få slutt på vald mot kvinner.

3. Hennar draumar – hennar stemme

Kvinner skal få stemma sin høyrd. Dei skal delta i avgjerder som dreiar seg om dei sjølv. Med pengane frå TV-aksjonen vil kvinner få opplæring i politisk leiarskap og deltaking og leiarskap i arbeidslivet og lokalsamfunnet.

Slik bidrar du:

Nye og gamle programleiarar

Programleiarane i år er Robert Stoltenberg, Ingrid Gjessing Linhave og Mikkel Niva.

Dette er første gong at Stoltenberg er med som programleiar for TV-aksjonen.

Både Gjessing Linhave og Niva har vore programleiarar for TV-aksjonen tidlegare år.

Mikkel Niva, Ingrid Gjessing Linhave og Robert Stoltenberg

Programleiarane for TV-aksjonen 2019: Mikkel Niva, Ingrid Gjessing Linhave og Robert Stoltenberg.

Foto: Erik Burås

Det er H.M. Dronning Sonja som er høg beskyttar for Care Norge og TV-aksjonen i år.

– Dronning Sonja har eit sterkt engasjement for temaet i år, og me er veldig glade og takknemlege for at Dronninga vil vere høg beskyttar for TV-aksjon i år, seier generalsekretær, Gry Larsen, i Care Norge.

Kongehuset har ein lang tradisjon for å stille som høg beskyttar for TV-aksjonen. Første gong dei stilte var i 1974. Det året opna H.M. Dronning Sonja, då som kronprinsesse, den aller første innsamlingsaksjonen.