I JOBB: Siril Eide (7) makulerer på NTNU i dag, i staden for å vere på skulen.
Foto: Mari Langva / NRKNår streiken i kommunane etter planen trappast opp onsdag, blir det enno vanskelegare for foreldre med små born.
Tek borna med på jobb
Når streik ikkje er gyldig fråvêrsgrunn må foreldre vere kreative for å få kvardagen til å gå rundt. Rådgjevar på personalavdelinga ved NTNU, Ingrid Eide, er sjølv blitt råka av streiken. I dag er dottera Siril (7) med på jobb.
– Eg makulerer! seier Siril ivrig, og viser korleis papir blir til små strimlar i makuleringsmaskina.
Mor Ingrid Eide fortel at heile familien må stille opp når skulen held stengt.
– Vi har heldigvis større born som kan hjelpe til å passe, seier Eide.
– Går ut over borna
HEKTISK: Cathrine Grønvik brukar mykje tid på å planlegge kvardagen når barnehagen held stengt.
Foto: Mari Langva / NRKSmåbarnsmor Cathrine Grønvik har det hektisk medan barnehagen streikar. Mykje av fritida går med på å planlegge arbeidstida på SVT-fakultetet ved NTNU, og finne barnepass for sonen på 3 1/2 år.
– Det blir lite tid til å kose seg på ettermiddagen. Dersom dette held fram lenge vil eg nok bli ganske lei, seier Grønvik.
Ho sympatiserer med dei streikande, men håpar konflikten snart blir løyst.
– Det er verst at det går ut over borna. Sonen min er i alle fall svært avhengig av faste rutiner, og det er negativt at kvardagen no blir så kaotisk.
Disse streiker i Trøndelag (før nytt uttak):