- Det får vi sjå i morgon. Eg har fått konsentrere meg om kampen i dag. No gleder eg meg over det som har skjedd i denne kampen og hra hatt ein flott dag på jobben, ein av mange fine på Lerkendal, sa Knut Tørum til Viasat4 etter kampen.
Praktkamp for RBK
Rosenborg leverte sin beste kamp på kanskje fleire år og har sendt sjokkbølger ut i Europa. Valencia må reise heim til Spania med 2-0 tap i bagasjen etter sin første kamp på norsk jord.
Det første målet kom etter 53 minutt, signert Yssouf Koné. Åtte minutt seinare puttar Vidar Riseth på til 2-0 for Rosenborg og Lerkendal eksploderer.
Med kveldens trepoeng på heimebane står Rosenborg med fire poeng på tre kampar. Berre Chelsea er framfor med sine sju poeng. Valencia og Schalke følger etter med tre poeng kvar.
Ferdig torsdag?
Ifølge Erik Soler og Per-Mathias Høgmo er Knut Tørum ferdig som trenar i morgon.
- Knut Tørum går ut som ein sigersherre, mens leiinga i Rosenborg vil ha problem med å forklare at han må gå, seier Soler til Viasat4.
Supporterklubben Kjernen har alt varsla at dei vil komme med reaksjonar om Tørum får sparken.
- Vi har hatt altfor mange trenerskifter på få år, og skal vi gjennomføre endå eit skifte no, så må ein stille spørmål ved dei som har tilsett alle desse trenarane, sa leiar for Kjernen, Bjørn Lyngen til NRK Trøndelag tidlegare onsdag.