Hopp til innhold

«Ariam» frå NRK sin julekalender håpar serien kan fjerne fordommar

Ho blir kalla «Øgledama» og har ein spesiell hudsjukdom. «Kristiania magiske tivolitheater» får ros for å vise breitt mangfald.

 «Ariam» i Kristiania Magiske Tivolitheater

JULEKALENDER: Karakteren «Ariam» har ei hud som er dekt av «skjell». Ho er ein av fleire rollefigurar i NRK sin julekalender «Kristiania magiske tivolitheater» som skil seg ut.

Foto: Monster / NRK

– Hovudbodskapen i serien er at vi er forskjellige. Folk kan slite med ulike ting. Det handlar om å prøve å fjerne fordommar.

Det seier Selome Emnetu. Ho er ein av skodespelarane i «Kristiania magiske tivolitheater».

Årets julekalender på NRK tar oss med tilbake til hovudstaden rundt år 1900. Serien handlar om «Luka» som veks opp i fattigstrøket Vika i nærleiken av Kristiania Tivoli.

«Johanna» og «Luka» i NRK sin julekalender «Kristiania Magiske Tivolitheater».

MANGFALD: Rollefiguren «Johanna» er kortvokst og hovudpersonen «Luka» går med krykke i NRK sin julekalender «Kristiania magiske tivolitheater».

Foto: Monster / NRK

I snitt har 735.000 sett dei 13 første episodane av julekalenderen.

Eit gjennomgåande tema i serien er forholdet mellom overklassen og dei meir vanskelegstilte i samfunnet.

Mange har lagt merke til det store mangfaldet som er representert i julekalenderen.

Hovudkarakteren «Luka» har hatt polio og går med ei krykke. Venninna «Tikken» kan ikkje lenger gå etter den same sjukdommen. Fleire av borna på teateret er mørkhuda. Karakteren «Ariam» har ein hudsjukdom ho skammar seg over, for å nemne noko.

– Ein naturleg del av serien

– Eg synest det er veldig fint at det er eit stort mangfald som er representert, seier Lisa Obrestad.

NRK møter henne på Bakklandet i Trondheim.

Lisa Obrestad på Bakklandet i Trondheim

ROSAR SERIEN: – Det er veldig fint at det er eit stort mangfald som er representert, seier Lisa Obrestad.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Det er fint at det er normalisert. Det er mykje forskjellig. Både funksjonshemmingar og ulike hudfargar. Men det er ikkje eit stort tema. Det er ein naturleg del av serien, fastslår ho.

Karina Nybø med barnevogn på Bakklandet i Trondheim

PÅ TRILLETUR: Karina Nybø starta å sjå julekalenderen saman med sonen sin, men vart mest interessert sjølv.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Også Karina Nybø har fått med seg serien. Ho trur barn har godt av å sjå skodespelarar og karakterar som dei kanskje kan kjenne seg igjen i.

– Det er bra å vise mangfald. Det verkar veldig naturleg. Eg tenkte ikkje så mykje over det i starten. Men det er jo ein del fleirkulturelle skodespelarar, seier ho.

– Ikkje eit bevisst val

Men det var ikkje eit bevisst val frå starten av, om vi skal tru manusforfattar Kjetil Indregard.

– Om eg skal vere heilt ærleg, så var vi i utgangspunktet ikkje så veldig bevisste på at serien skulle representere eit mangfald. Det berre oppstod etter kvart, fortel han.

Éin ting vart dei sikre på undervegs: Dei ville ha med folk med ulike hudfargar.

– På eit eller anna tidspunkt skjønte vi at denne serien ikkje skulle skrivast for barna i 1909, men i 2021. Det blei veldig viktig.

Han får støtte frå serieskapar Atle Knudsen.

Atle Knudsen, regissør

SERIESKAPAR: Regissør og serieskapar Atle Knudsen legg vekt på at det var viktig at barn kunne identifisere seg med rollekarakterane i julekalenderen.

Foto: Privat

– Det var ikkje noko bevisst val i manus at ein skulle ha ein stor fargepalett, men i castingprosessen var det viktig. Vi lever i 2021. Vi må la barn i Noreg ha moglegheita til å identifisere seg med rollekarakterar i ein julekalender.

Hadde ironisk distanse – tok manusgrep

Han presiserer at det ikkje er eit historisk drama, men eit eventyr.

– Vi har valt å fortelje ei historie basert på gamle Kristiania på starten av 1900-talet, seier Knudsen.

Indregard fortel at ideen til julekalenderen fekk sitt utspring frå det han sjølv omtalar som «freak shows» – omreisande, «merkelege» menneske på teatera.

Men då skodespelarane kom inn til leseprøve, tok manusforfattarane grep.

– Vi skjønte at vi hadde hatt ein litt ironisk distanse til det heile. Plutseleg sto det ekte menneske der, og då vart det veldig viktig for oss å ikkje tulle. Eg er glad for at vi gjorde det meir ekte, fastslår han.

Fjerne skam rundt utsjånad

Selome Emnetu spelar karakteren «Ariam», som har ein hudsjukdom. Kroppen er dekt av «skjell», og ho har fått kallenamnet «øgledama».

Det var ein stor transformasjon for skodespelaren, som fortel at ho aldri har brukt så lang tid i sminkestolen før.

Emnetu trur at karakteren hennar kan vere med på å fjerne skam rundt eigen utsjånad. Ho synest det er fint av serien viser eit stort mangfald.

– Det er noko som tilhøyrer fortida, og noko som representerer mangfaldet vi har i dag.

Skodespelaren siktar spesielt til hovudkarakteren «Luka», som har hatt polio. Ein sjukdom som no nesten er utrydda.

– Karakterane er ikkje der berre i kraft av å vere annleis. Dei har si historie og sine utfordringar. Det er komplekse karakterar.

«Gabrielle» og «Ariam» i Kristiania Magiske Tivolitheater

MOR OG DOTTER: «Gabrielle» oppdagar at ho har arva mor «Ariam» sin hudsjukdom, og kjenner på skam.

Foto: Monster / NRK

Moderne karakterar i eit gammaldags univers

Produsent Hege Hauff Hvattum meiner dei har eit ansvar for å ta opp eit mangfald.

– I manusprosessen var ein veldig oppteken av at dette ikkje skulle definere karakterane. Det er skrive som om alle karakterar kunne ha kva slags som helst utsjånad og bakgrunn.

Det var viktig for henne å gjere serien moderne for dagens barn og unge.

– Det var eit grunnprinsipp. Vi var heilt overtydde om at vi må lage notidskarakterar i eit gammaldags univers.

Ho visste at dette var noko ein historikar kunne henge seg opp i.

– Det bør ikkje sjokkere i 2021 at vi viser eit breitt mangfald. Samtidig er vi ikkje der at vi kan seie at noko er ei fargeblind «casting» heilt endå. Det er ei veldig bevisst handling og eit ansvar ein må ta, konkluderer ho.